DSC8983
Opplev Kvam i sommar

Andre opplevingar i Kvam

Kvam kan by på eit utal aktivitetar og eit rikt tilbod av smaksopplevingar.

rose
Visste du at?
rose
Kvam ligg berre éin time frå Bergen?

Gardsmat

Bjørketeigen gard
Triveleg kafé i den renoverte røykstova på garden. Lokala høver og godt for grupper og tilstellingar og har plass til 20-30 personar.
bjørketeigengard.no


Breievne gard

Gardsutsal med drikke av bær og frukt, syltetøy, gele, samt sesongens bær. Sjølvplukk av bær, prøvesmakingar og omvisningar etter avtale.
breievnegard.no


Gamlastovo Gardsrestaurant
Gamlastovo på Fykse er ein av dei mest unike, ekte og intime gardsrestaurantane i Hardanger. Garden har eige pølsemakeri og byr gjestene smaksprøvar og høve til kjøp av lokale kjøtvarer.
gamlastovo.no


Hardanger Bryggeri

Hardanger Bryggeri er eit nystarta bryggeri som held til i Mathuset i Øystese. Skummesalen i same bygg held ope på annonserte tidspunkt.
hardangerbryggeri.no


Haust Hardanger

Spesialist på tørka eple, pære og plomme frå eigen gard. Den tørka frukta vert også nytta som ingrediens i kjeks, kaker, chutney.
haust-hardanger.no


Kvamskogen Landhandleri
Hjå Kvamskogen Landhandleri får du alt du treng av dagligvare, i tillegg til mykje anna snadder.
post@5600kvamskogen.no


Sjuragarden
Fruktgard på Valland mellom Norheimsund og Øystese. I gardsutsalet på tunet sel dei eigenprodusert eplejuice og syltetøy av ulike slag.
sjuragarden.no

Gamlastovo spekjemat

Kafé og restaurant

Feng Yuan kinesisk restaurant
Kinesisk restaurant midt i Norheimsund sentrum. Opent alle dagar.
Feng Yuan på Facebook


Kafé Hjørnet
Kafé i Norheimsund sentrum.
Kafe Hjørnet på Facebook


Kafe Krus

Kafé i Øystese
Kafe Krus på Facebook


Kaffimat
Kaffimat er ein kafé i Straumen senter i Norheimsund.
Kaffimat på Facebook


La Fiesta
La Fiesta er ein italiensk pizzarestaurant med ulike a la carte-rettar og salatar på menyen.
La Fiesta på Facebook


Sånn mat
Ein restaurant med ekte Thaimat i sentrum av Norheimsund!
sannmat.no

93930470 256234155557598 5769109941545598976 n

Aktivitetar

Linda Lid keramikk

Linda Lid kombinerer estetikk med funksjonalitet når ho lagar keramikk frå steintøy og porselen. For å oppnå den spesielle estetikken ein får av vedfyr, brenn ho arbeida i tre dagar i ein stor mursteinovn. Ope heile sommaren. Ta kontakt på telefon for å avtale besøk.

Telefon: 480 79 468
E-post: lindalid71@gmail.com


Grammofonmuseet i Øystese

Opningstider:
Tysdag, torsdag og fredag: 11:00–16:00
Laurdag: 11:00–15:00

Ta kontakt på tlf 414 42 783 for avtale utanom vanlege opningstider


Hardanger Golfklubb

Banen til Hardanger Golfklubb ligg idyllisk plassert på Børve i Øystese, med utsikt over Hardangerfjorden. Klubben har eit lite klubbhus som ikkje er bemanna, drivingrange på 200 meter og 6 hol.

hardangergolfklubb.no

Golf 8