Hardanger Fjordsafari tilbyr RIB båt turar frå Eidfjord. Her kan du vera med på kortare eller lengre fjord opplevingar der du kjem tett på naturen.
BookingHardangerfjorden bør opplevast frå fjordsida. Hardanger Fjordsafari tar deg med på RIB-tur med start i Eidfjord. Dette er ei oppleving der du flyttar deg raskt i landskapet, men og stoppar opp slik at du kjem tett på naturen.
Turen startar i Eidfjord hamn med påkledning og sikkerheitsgjennomgang. På fjorden vil båtføraren ta deg med til ulike stopp, og gjerne fortelje om det du ser. Eit av stoppa er den veglause staden Hotle der det går geiter, dei brukar å komme til båten og helse på. Båtføraren veit og om faste stadar der det ofte er kobbe. I Eidfjord er det og eit rikt fugleliv, og med RIB kan du komme tettare på sjøfuglen. Det lurt å ha fotoapparatet lett tilgjengeleg!
Båtføraren tar deg gjerne med inn Simadalsfjorden. Innerst i denne fjordarmen ligg Sima vannkraftverk, eit av dei største kraftverka i Noreg. På dette stoppet får du høyre om produksjonen som føregår inne i fjellet, og korleis kraftverket høyrer saman med attraksjonar som Vøringsfossen, Hardangerjøkulen og Sysendammen. Naturen i Simadalsfjorden er vakker, med bratte fjellsider og fossar.