Fitjadalsvatnet Mariusz Marczak
Vikedalsnebbet foto Geir Morten Utskot
Krokavatnet
Breidablik Kjell Inge Tufte Tyssen

Likar du fotturar? Desse perlene i Kvam må du få med deg!

Breidablik

Hytteanlegget Breidablik ligg høgt over Fitjadalen like ved Øystese og er eit av dei mest mest eigenarta hytteanlegga i landet med ei fantastisk plassering og eit stort rundskue. Dette spektakulære hyttetunet vart i 2014 anlegget overteke av Bergen og Hordaland Turlag, og i 2019 opna Breidablik igjen med to nye bygg tilpassa turlagsbruk og fleire besøkande.

Fitjadalsvatnet

Turstien rundt det flotte vatnet tre kilometer frå Øystese er godt merka. Den idylliske turen tek deg forbi fleire gamle stølar og det er gode moglegheiter for å nyta ein piknik med ein tek inn dei nydelege omgivnadane.

Vikedalsnebbet

Vikedalsnebbet er ein kort og barnevenleg fottur som gjev deg ei spektakulær utsikt over Ålvik og Hardangerfjorden.

Krokavatnet

Turen til Krokavatnet er ein lett tilgjengeleg fottur som byr på ei flott utsikt over Hardangerfjorden. Gå rett opp frå Norheimsund sentrum eller køyr til Solhaug og få ein kortare tur opp til dei mange flotte turmåla ved og rundt vatnet.

Kvam har eit mangfald av tilretteIagde turar tilpassa alle nivå.

Flotte turar i Kvam

Sjå alle

Fleire reisetips