Turen til Krokavantet er ein lett tilgjengeleg fottur som byr på ei flott utsikt over Hardangerfjorden.
Turen til Krokavatnet er ein lett tilgjengeleg fottur som byr på ei flott utsikt over Hardangerfjorden. Turen har ei lengd på 2,3 km og tar ca. 1,5 time ein veg. Turen er tilgjengeleg frå april/mai til oktober. Dette er ein moderat krevjande tur med ei total stigning på 192 meter.
Start: Følg riksveg 49 frå Norheimsund og køyr mot Tørvikbygd. Etter ca. 1 km tar ein til høgre mot Tveit. Det er ingen parkeringsmoglegheiter her, men ein kan betale ei vegavgift på 7r kr og køyre vidare på grusvegen til Solhaug (enden av vegen). Dersom du ikkje ynskjer å betale vegavgift kan du parkere på Norheimsund stadion og gå opp Sandvenslia (det er ikkje mogleg å køyre til Solhaug om vinteren).