Gatekunst/Urban kunst – workshop med Benjamin Dowling

Gatekunst/Urban kunst – workshop med Benjamin Dowling
Apr
16-18

Og endeleg var det ungdommen sin tur.. Er du ein ungdom over 12 år? Likar du å teikne, male eller på anna vis vera kreativ? Likar du gatekunst? Kunne du tenkt deg å læra meir? Lyst å prøva??.. Då er dette kanskje noko for deg!

Om

Vi har gleda av å kunne invitera til workshop i/om gatekunst/urban kunst for ungdom over 12 år (inga begrensing oppover) med Benjamin J. Dowling på Halsnøy kloster i påskeveka, 16.- 18.april. Workshopen går over 3 dagar x 4 timar. Du treng ingen forkunnskaper, berre lyst og motivasjon!

Dato: 16. -18. 4. 2025, kl 11.00 – 15.00

Vi treng min. 5 deltakarar for å kunne gjennomføre. Max. 12 deltakarar

pris kr. 1500.- inkl. alt materiell 

 

Bindande påmelding til: hkl@sunnhordland.museum.no  eller kjøp HER INNAN 2.april

 

Kort om workshoppen

Denne workshoppen gjev ein grunnleggande innføring i gatekunst og urban kunst, der deltakarane får lære om graffiti, stensilkunst og karakterdesign. Ingen forkunnskaper er nødvendige – vi jobbar med konsept/ide, skisser, digital teikning (for dei som har iPad), stensiler, måling og spraymåling. Alt av material og utstyr blir utdelt på staden og inngår i prisen. (Evt IPad må deltakarene sjølv ha med men er ikkje nødvendig – ta med om du har !)

Deltakere: min.5, max 12 (individuelt eller i par)
Varighet: 3 dager, 4 timar per dag.

PROGRAM

Dag 1: Inspirasjon & Designprosess

 Intro & foredrag om urbankunst

  • Kva er urbankunst? Historie og stilarter
  • Inspirasjon fra kjende kunstnarar

 Idéutvikling & skissering

  • Deltakarane velger ein teknikk:
    • Graffiti (bokstavdesign, tagging)
    • Stensilkunst (sjablonger & flerlagsdesign)
    • Karakterdesign/graffiti (figurer i urbant uttrykk)
  • Skissering for hand eller digitalt (iPad), utforskning og utprøving.

Dag 2: Utvikling & Teknikkøvelse

 Vidare arbeid med design

  • Ferdigstilling design (planteikning for grafitti)
  • Overføring til større format.

 Teknikktrening

  • Måleteknikker & sprayteknikker for grafitti og stensil.
  • Stensilkutt & testmaling
  • Førebuing av stensilar og materialar

Dag 3: Storformat & Ferdigstilling

 Siste førebuingar

  • Klargjering av vegg/malerflate
  • Oppteikning og siste justeringar

 Male gateverket! 

  • Deltakarane maler sitt verk i storskala
  • Sluttpresentasjon & refleksjon

 Mål med workshoppen:
✔ Skape eit kunstverk saman med andre
✔ Lære grunnleggjande teknikker innan gatekunst
✔ Utforske eigen kreativitet og uttrykk