Baroniet Rosendal
Kammermusikk i verdsklasse

Rosendal Kammermusikkfestival

Rosendal Kammermusikkfestival, grunnlagd i 2016 av pianist og kunstnerisk leiar Leif Ove Andsnes, har etablert seg som ein av dei mest interessante og unike festivalane av sitt slag.

rose
«Ein liten, men stor, festival i vill norsk natur» (El Pais)

Kvar sommar inviterer Leif Ove Andsnes musikarar og føredragshaldarar til ei musikalsk langhelg i Rosendal. Baroniet Rosendal ligg vakkert til mellom fjell, fossar og fjord, og skapar perfekte omgjevnadar for ei intens kammermusikkoppleving som trekk publikum frå alle verdsdelar.

I sommer set Leif Ove Andsnes søkelyset på Johannes Brahms. Brahms’ rike og varierte kammermusikk har resultert i nokre av sjangerens mest sentrale verk. I fire dagar, 10.–13. august, får Andsnes med seg 25 gjesteartistar i eit tettpakka program med føredrag og konsertar for å utforske Brahms’ ikoniske verk og sigøynermusikken som inspirerte han.

Leif Ove Andsnes og Tabea Zimmermann
Publikum utanfor Riddersalen
rose

Rosendal Kammermusikkfestival samarbeider med Rosendal Fjordhotel og Rosendal Turisthotell, og tilbyr pakker for å gjere det lettast mogeleg for deg å planleggja overnatting i Rosendal.

Du kan velge mellom følgande alternativ:

Festivalpakke:
-Billettar til alle arrangement under festivalen, fra torsdag 19.00 til søndag 16.00
-Overnatting på Rosendal Fjordhotell eller Rosendal Turisthotell
-Frokost og middag på hotellet

Døgnpakkar:
Dersom du ønsker eit kortare opphald, har vi delt festivalpakken opp i tre mindre pakker. Døgnpakker inkluderer overnatting, frokost og middag på Rosendal Fjordhotell.

-Torsdag 19.00 til fredag 14.30
-Fredag 17.30 til lørdag 14.30
-Lørdag 18.30 til søndag 16.00

Klikk HER for meir informasjon om dei ulike alternativa.

Det er sjølvsagt og mogleg å kjøpe enkeltbillettar. Det kjøper du HER.

LAV LIV1996
rose

Rosendal er lett å reise til frå Bergen, og ligg kun 2 timar med båt frå Bergen sentrum. 1,5 time frå Bergen Airport Flesland.

Den raskaste og mest behagelege måten å reisa til Rosendal på er med Hardangerfjordekspressen mellom Bergen/Flesland/Os og Rosendal.
Shuttlebus kjører frå Flesland ca 10 min. før rutetida for båten på Flesland. Båten stoppar også på Flesland på vegen tilbake til Bergen, alltid med tilbod om busstransport frå kaien til flyplassen.

Reiseruter for bil:

Reiserute Bergen – Rosendal – 120 km, 2 timer 25 min (+ ferje Gjermundshavn – Årsnes)

Reiserute Oslo – Rosendal – 408 km, 6 timer 29 min (ingen ferjer)

Reiserute Haugesund – Rosendal – 114 km, 2 timer 41 min (+ ferje Skjersholmane – Ranavik)

Reiserute Stavanger – Rosendal – 171 km, 4 timer 7 min (+ ferje Mortavika – Arsvågen og ferje Skjersholmane – Ranavik)

Reiserute Kristiansand – Rosendal – 379 km, 5 timer 57 min (ingen ferjer)

Natur i Rosendal