Som nemnt er det framleis bra skiføre, men ein må gjerne inn i nordvendte formasjonar for å finne samanhengande skiføre av tilstrekkeleg grad. Eventuelt kan ein også trekke innover Blådalen for å finne fin vårskikøyring. Dei mest aktuelle områda er nok fjellsidene rundt Omnatind, samt nemnte Blådalen. Fyrstnemnte gir prima skikøyring frå toppen og ned mot Øvre Myrdal, men også deler av Bjørndalstindane kan by opp til flott skikøyring. Ein kan vere merksam på at det er litt usikkerheit knytt til dei mest skjerma formasjonane i høgda, mot nord. Her kan ein framleis ha ei slags lagdeling og ved mykje regn eller tilstrekkeleg solinnstråling, så kan ein få skredaktivitet av større storleik enn 1. Med omsyn til solinnstrålinga så er det mest aktuelt på ettermiddag/kveld med tanke på at det er dei nordvendte sidene som har eit lite spørsmålsteikn ved seg, men generelt så er skredfaren knytt til vårskikøyring tett samanbunden med tid på døgeret. Jo tidlegare på dag, jo lågare skredfare, og jo seinare på dag, jo høgare skredfare, litt avhengig av kva himmelretning du oppheld deg i. Men når det er sagt så er det per tidspunkt relativt gunstige forhold.
Det varierer ein del avhengig av kor du legg turen. I Blådalen kan du finne skiføre frå vegen, medan det til dømes på Omnatind ikkje vil vere samanhengande skiføre før du er eit lite stykke over skoggrensa.
Det er per i dag relativt gunstige forhold i fjellet, og det mest aktuelle skredproblemet er knytt til våte laussnøskred, spesielt i solvendte sider. Sjølv om disse skreda ikkje nødvendigvis er så store, så kan dei gi store konsekvensar om du oppheld deg i eksponert terreng. I tillegg kan ein vere obs på glidesprekker. Disse kan lausne når som helst, så ver obs på sprekker i overliggande snøfelt, typisk på sva.
Det beste skiføre er nok der kor det er snø, men det er klart at det mot nord vil vere meir snø, både i mengde, men det vil også ligge snø lågare i terrenget. Dog, det byrjar å smelte, og utover neste veke er det meldt ein del nedbør som regn, noko som vil tære godt på snødekket i nordvendte sider også.
Følg med varsom.no/Hardanger for skredvarsel for region Hardanger.
God tur, og vel tur etter evne!
Tekst og foto: Cato Leganger/Rosendal Fjellsport