Påskestemning

God påske!

Påska er godt i gang, og det er tydeleg at det er mange som ferdes i fjellet. Det er særs kjekt å sjå! Likevel fekk påska ein verst tenkeleg start på landsbasis.

Inngangen på påska fekk ein dyster start med omsyn til skreda som gjekk- og tok menneskeliv i Nord-Noreg. Det er ikkje til å legge skjul på at det før påske var mange som gjekk rundt med ein klump i magen då ein såg korleis forholda utvikla seg. Dessverre så gjekk det som det gjekk. Det er tydeleg at samfunnet har ein jobb å gjere med å kommunisere ut, spesielt til utanlandske skituristar, om skredfaren.

Lukkelegvis har forholda stabilisert seg litt i nord. Lokalt har det ikkje vore tilsvarande potent situasjon, men vi hadde tendensar til litt av den same oppskrifta her som i nord før påske, berre at her så fekk vi ikkje spesielt mykje snø over dei svake laga i snødekket. Om det er avgrensa storleik på flaket, så gir det også avgrensa storleik på skredet. I nord så var det nokon som kontrollert utløyste eit flakskred dagen etter skreda som tok menneskeliv gjekk. Brotkanten i det kontrollert utløyste skredet var 2 meter høg, og skredet var sirka 100 meter breitt. Det generer mykje masse, og det seier litt om den særs alvorlige situasjonen som prega den nordlige landsdelen.

Men sjølv i utfordrande forhold er det fullt mogleg å gå trygge toppturar, men ein må ha kunnskap om det å ferdes i fjellet. Terrenget vi har gir rom for masse fin og trygg skikøyring, og utover påska så vil eg anta at enda fleire kjem til å nytte seg av skia, anten det er bortover eller oppover/nedover. Fjellet er ein livslang læringsarena, men ein må vere innstilt på å lære, ikkje berre følgje spor og håpe på det beste.

Skal du inn i skredterreng, så hugs på å ha med korrekt utstyr, les skredvarselet og kommuniser godt i gruppa du er ein del av. God gruppedynamikk er essensielt for ein trygg og hyggeleg tur. For læringa sin del, så er det alltid lurt å diskutere litt vala de tek undervegs på turen. Still dykk spørsmåla «Kvifor er det trygt å stå på ski her?». Det er sjølvsagt mange andre ting ein kunne ha sagt og skrive her, men denne teksten er ikkje staden for det. Er du gira på å lære meir om det å ferdes trygt i fjellet, så er det mange arenaer for det, både kurs, men også «Snøskredskulen» på varsom sine nettsider.

Appen til varsom er eit god hjelpemiddel, både til turplanlegging for din eigen del, men også til å bidra med observasjonar. Det vil styrke skredvarselet.

I tillegg er det veldig fint om de bruker applikasjonen til varsom.no. Der kan de legge inn bilete, tekst med meir. Kanskje de ser eit skred som de kan ta bilete av, eller kanskje de berre vil forevige dei fine skisvingane. Det er uansett til stor hjelp for oss som jobbar med dette. Vi rekker ikkje over alt terrenget, og har følgjeleg ikkje sjanse til å få med oss alt. Alle observasjonar er difor til stor hjelp i utforminga av skredvarselet.

Snøskred
Påskesol
rose

Skiføre frå høgde:

Det varierer ein del, avhengig av kor i området du er, men du kan finne ok skiføre frå sirka 500-600 moh og opp, men merk at her er det variasjon. Litt lågare nokre plassar, ein del høgare andre. Spesielt på dei mest fjordnære fjella, må ein eit stykke opp i høgda for å finne samanhengande skiføre. I Fjellhaugen kan ein ta på ski ved parkeringsplassen. Om du skal på tur til Omnatind, til dømes, så kan du ta på ski rundt skoggrensa på sirka 500 moh. Det er bra med snø i høgda, så ein vil finne mykje godt skiføre ei stund enda.

Himmelretning med best skiføre:

Snødekket er typisk for årstida; hardt om morgonen, medan det tiner litt utover dagen, der sola får ein gunstig vinkel på overflata. I solsidene kan ein få fint skiføre, om ein «timer» tidspunktet bra. Er du for tidleg, så er det hardt, og er du for seint ute så kan det fort verte for bløtt. Dog, dei relativt lave temperaturane konserverer snødekket litt, så den heilt store smeltinga vil variere frå dag til dag. Ver også obs på at om du ferdes i solsidene seint på dag, så erogså skredfaren større. I høgda, spesielt mot nord og tilgrensande himmelretningar, så kan ein finne tørrare snø.

Primært skredproblem:

Vi har fleire lag av det vi kallar vedvarande svake lag i snødekket. Dei er framleis intakte, spesielt over sirka 900 moh. Merk at grensa for skredproblemet kan variere. Vi har eit lag som ligg djupare i snødekket, under bærande lag av smelteformer (skare). Dette skal meir til for å belaste slik at det går ut skred på det. Vi har også eit tilsvarande lag høgare i snødekket. Storleiken på flaket som ligger over det svake laget varierer. Enkelte plasser er det ikkje flak, andre plassar er det knapt nok flak, medan andre plasser kan ligge eit tjukkare flak av eldre vindtransportert snø, mest aktuelt mot nord og tilgrensande himmelretningar. Men merk at det her er ein del variasjon. I solsidene kan ein få naturleg utløyste skred, truleg mindre skred, men likevel store nok til at dei kan dra deg med. Ver difor ekstra forsiktig om du ferdes i- eller i nærleiken av terrengfeller. For ferdsel i solsidene så stig skredfaren jo lenger sola får stå på. Her er vinkelen sola har på snødekket avgjerande.

Følg med på https://varsom.no/snoskred/var... for oppdatering av skredvarselet. Her finner du ofte lokale meldingar som kan gi ein peikepinn på status på skiføret og eventuelt skredfaren. Vel tur etter evne, og hugs på at det er ditt eige ansvar å vite kvifor det er trygt akkurat der du skal på tur! 

God tur!

Tekst og foto: Cato Leganger / Rosendal Fjellsport

Sol over Ingahogg