Vårkjensle til fjells
Førerapport pr 30. mars 2023

Vårfølelse på Vestlandet!

«Vårfølelse på Vestlandet» melder nokre av landets største aviser om, og i følgje vêrprognosane så kan det sjå ut som at det ligger an til ei fin påske, iallfall med omsyn til vêret.

Vi har hatt ein del utfordrande forhold i fjellet den seinaste tida, og det er ikkje heilt over enda, trass i at våren omsider byrjar å få tak. Etter at førre runde med mildvêr fekk setje sitt preg på snødekket, høgt til fjells, så fall det nysnø etterfølgd av nysnø i kombinasjon med vind. Når ein i tillegg får relativt låge temperaturar og klart vêr, så ligger forhold til rette for at det utviklar seg svake lag i snødekket. I dette tilfellet, så har det byrja å danna seg eit svakt lag høgt i snødekket. Dette er, per i dag, eit problem store deler av landet sliter med, i større og mindre grad. Det er ein del usikkerheit knytt til dette for Hardanger, men det er absolutt noko alle som skal ferdes i skredterreng, altså lausneområder eller utløpssoner for skred, bør ha i mente no når vi går inn i påskeveka.

Det er ikkje fritt for at når våren kjem og sola varmar opp både andletet og snødekket, så har nedkøyringane ein tendens til å verte både brattare og meir eksponerte. Men ha i mente at påska er tidleg i år, og det er følgjeleg vinterlege forhold i fjellet. Du bør vite kva som er under beina dine. Det held ikkje å sei at «snøen kjennes bra ut». Argumentet ditt bør absolutt vere sterkare enn det. Du bør kunne sei kvifor det du har tenkt å gjere er rett å gjere under dei rådande forholda. Hugs også på å sjå heile gruppa du eventuelt er på tur med, og kommuniser før, under og etter turen. Ta også ein kikk på skredvarselet på varsom sine nettsider, men hugs på at det ikkje er noko fasit, men tips til kva som kan vere status i fjellheimen. Ikkje la Instagram eller liknande presspunkt diktere kva du har tenkt å gjere dei aktuelle dagane.

Skredterreng
rose

Du kan finne samanhengande skiføre frå sirka 500 moh. På biletet over ser du Nipeskar, normalruta mot Omnatind. Biletet er teke førre helg. Foto: Rosendal Fjellsport.

Skitur med utsikt
rose

Skiføre frå høgde:

Det varierer ein del, avhengig av kor i området du er, men du kan finne ok skiføre frå sirka 500-600 moh og opp, men merk at her er det variasjon. Litt lågare nokre plassar, ein del høgare andre. Spesielt på dei mest fjordnære fjella, må ein eit stykke opp i høgda for å finne samanhengande skiføre. I Fjellhaugen kan ein ta på ski ved parkeringsplassen. Om du skal på tur til Omnatind, til dømes, så kan du ta på ski rundt skoggrensa på sirka 500 moh.

Himmelretning med best skiføre:

Snødekket varierer ein del. I høgda er det påvirka av vind. Mot nord kan det ligge fokksnøflak av varierande hardheit, men varierande vindretning fører til at det kan ha etablert seg fokksnøflak i fleire himmelretningar. Du kan finne mjuke flak, og lommer av ubunden i fleire himmelretningar, men det som avgjer er kor sterk vinden torsdag og fredag er.

Primært skredproblem:

Det er ein del usikkerheit knytt til kva som er mest aktuelle skredproblem. Tidlegare i veka vart det observert eit svakt lag av kantkorn høgt i snødekket. Sidan den tid kan dette laget ha fått enda meir snø over seg, noko som kan gi større skred. Det vart observert under den ferskaste vindtransporterte snøen, mot nordvest, nord og nordaust, men det kan vere aktuelt i fleire himmelretningar. Om dette framleis er aktuelt, så kan det vere lett å løyse ut skred, og skreda kan verte store. I tillegg har ein eit vedvarande svakt lag djupare i snødekket, men dette antar vi at det skal større belastning til for å trigge. Etter kvart som sola kikkar fram og varmar opp dei solvendte sidene, så kan ein få ein del våte skred i disse sidene. Skal du køyre på ski i bratte, solvendte sider, så må du berekne tidspunktet.

Følg med på https://varsom.no/snoskred/var... for oppdatering av skredvarselet. Her finner du ofte lokale meldingar som kan gi ein peikepinn på status på skiføret og eventuelt skredfaren. Hugs på at skredfaren kan endre seg veldig fort. Vel tur etter evne, og hugs på at det er ditt eige ansvar å vite kvifor det er trygt akkurat der du skal på tur! Hugs på at det som står på varsom.no ikkje er noko fasit. Ny rapport kjem neste onsdag.

God tur!

Tekt og foto: Cato Leganger, Rosendal Fjellsport