På veg mot Melderskin
Tid for fotturar?

Melderskin og Malmangernuten

Sjølv om det framleis er mykje fin skikøyring å finne, så har nok dei aller fleste pakka vekk skia for denne sesongen. For mange er det uansett fotturar som gjeld i tida frametter, og etter kvart som sola og det fine mai-været har fått fart på snøsmeltinga, så har mange av dei mest populære og klassiske fotturmåla vorte lettare tilgjengelege.

rose

M(elderskin) og M(almangernuten)

Det to M-ane; Melderskin og Malmangernuten er blant dei mest populære turmåla for fotturturistar som vitjar Rosendal, og det er nok også i år mange som har dei to som mål. For Malmangernuten sin del så er det nok meir eller mindre heilt snøfritt, iallfall tur-retur normalruta frå Rosendal. Det kan kanskje ligge att nokre flekkar snø, men det er uansett heilt uproblematisk. For mange er Malmangernuten kjent, men for dei som ikkje er så kjent, så er dette kanskje fjellet som gir finast utsikt over Rosendal og omegn. Det er ein bratt tur, men ruta går på fin sti og er verdt kvar sveittedrope. Frå toppen har du panoramautsikt. Her får du servert eit lite stykke Noreg iform av utsikt til fjord, fjell, fossefall og så mykje meir.

Melderskin er blant dei mest populære turmåla, og det er ikkje utan grunn. Ho vert trass alt av mange kalla “Dronninga blant Hordalandsfjella”. På vinterstid ligg ho stort sett i fred, utover ein og anna turgåar, på ski eller til fots, men no byrjar det å nærme seg storinnrykk som sumaren ofte byr på. Melderskin er høgare og det samlar seg naturleg nok meir snø gjennom vinteren. Det tek difor lengre tid før den vert snøfri. I skrivande stund så er deler av ruta snøfri. Du kan ta det ganske greitt opp til Skarshaug, 1000 moh, og vidare oppover langs ryggen. Du kan treffe på ein snøflekk og to, men det er uproblematisk. Når du nærmar deg det som vert kalla «Hålo», altså der ruta flater ut før siste bakken mot toppen, så vil det nok ligge ein del snø. Det gjeld også siste bakke mot toppen, samt langs det siste flate partiet bort mot varden. Avhengig av temperatur den aktuelle dagen, så vil truleg snøen vere bærande tidleg på dag, men etter kvart som sola kjem høgare på himmelen og får betre tak i snøen, så vil den mjukne opp. Då vert det tyngre å gå, men dette vil som sagt vere avhengig av været den aktuelle dagen. Skal du på tur til Melderskin dei neste vekene, så kan du ha dette litt i mente. Men været er gunstig for snøsmelting, så om forholda ligg til rette, så kan ryggane fort verte snøfrie. Ver også litt obs på at det framleis heng att nokre skavlar langs toppryggen, vend mot aust/ned i retning Øvre Myrdal. Gå difor ikkje for langt utpå kanten.

God tur!

Tekst og foto: Cato Leganger / Rosendal Fjellsport