Vinterfjell med utsikt

Nytt år og nye moglegheiter

rose

2023 er historie. Året baud på mykje, både krig og elendigheit, men også fine opplevingar. Lukkelegvis. For dei av oss som er glad i fjellet, så er det ein arena for sjelero, der tankane får kvile, lungene ekspandere og ropa ber preg av glede.

I dagens verdsbilete, så er det å kome seg ut og kvile hovudet kanskje viktigare enn noko tid, men uansett kva hovudet plages av, så er naturen terapi.

Desember var ein variert månad. Eigentleg ganske typisk for vêret på disse traktar. Det svinga nærast frå dag til dag. Snø den eine dagen, full storm med orkan den neste før det sedvanlege mildvêret gjorde sitt inntog. For dei av oss som er særs glade i vinteren, kulde og snø, så kan ein verte «kokko» av mindre.


Status på skiføret

I skrivande stund så kan vel skiføret karakteriserast som variabelt. Fjellheimen bere preg av litt lite snø, noko bileta i denne teksten syner. Det er likevel skiføre å finne, og om ein ikkje er for kravstor, så vil ein finne akseptabelt og greitt skiføre.


Bilete syner Gygrastol frå tidleg januar. Som ein kan sjå, så er det ikkje veldig mykje snø, men det kjem seg.

Gygrastol i vinterdrakt
rose

For dei klassiske toppane, til dømes Omnatind og Gygrastol, så er det litt lite snø, men Omnatind kan gi OK føre frå ryggen og ned mot Øvre Myrdal. Ein kjem seg også opp og ned via normalruta i Nipeskar, men ver obs på ein del stein. Gygrastol er delvis tilsvarande. Det same gjeld Ingahogg og dei litt lågare toppane, sjølv om det stadvis er litt betre her. Det er, generelt, skare og bærande fokksnøflak høgt til fjells. Er du heldig og finner dei rette formasjonane, så kan ein finne betre skiføre.

På den positive sida så byrjar vi å få eit OK grunnlag. Mange formasjonar er fylt att med snø, så om vi får snøfall så kan det gi godt skiføre. Om ein kikkar på langtidsvarselet, så er det ikkje så mykje nedbør å sjå, men det kan sjølvsagt endre seg.

Bilete syner korleis Nipeskar, nedre del av ruta til Omnatind, er rimeleg vindherja etter vedvarande friskt vêr. Føret er betre i «bollen» bak ryggen, men det er vel ikkje tvil om at det trengs litt meir snø

Nipeskar
rose

Ver varsam!

Og som eit lite obs på tampen: Hugs på at det ikkje er berre nedbør som styrer skredfaren. Vedvarande kalde og klare dagar og netter kan, om forholda nede i snødekket ligg til rette, gi ein rask auke i skredfaren. Det var tilfellet førre vinter, og vi kan godt få eit tilsvarande scenario denne vinteren. Det er difor viktig å følgje med og vite kva du held på med om du skal inn i skredterreng. Bruk varselet på varsom.no som eit hjelpemiddel i turplanlegginga di.

Vel tur etter evne. God tur!

1000008784