Sesongskifte

Sesongskifte.

rose

Skisesongen byrjar å nærme seg slutten, også for dei ivrigaste av oss, og tida er moden for bart fjell, anten det er fotturar, klatring eller anna friluftsaktivitet.

rose

Den siste veka har det smelta mykje snø i fjellet, lyngtuene stikker meir og meir fram og dyrelivet byrjar å vakne også høgt til fjells.

For dei som tviheld på skisesongen så er det nok framleis mogleg å finne skiføre, anten det er lokalt eller regionalt. Det er til dømes framleis mogleg å ta på ski ved bilen på Haukeli, men også der tynnast det fort på lågareliggande høgder mot E-134. Lokalt er Blådalen og Blådalshorga framleis ein moglegheit, men det byrjar nok å verte litt tynt nedst ved parkeringa og til du kjem godt opp opp i fyrste henget.

Skodde0106
rose

For Rosendalsalpane går snøgrensa høgt, og ein må nok til topps i Nipeskar for å finne delvis samanhengande skiføre mot toppane. Når ein bikkar rundt 1000-1100 moh så er det nok mogleg å ta seg fram om ein følgjer formasjonar med snø. Om eine vil «lapse» litt mellom toppane, kan ein få klemt dei siste restane ut av skisesongen, men det er nok det som i høgste grad må kallast «entusiast-føre». Og det smeltar nok mykje snø den neste veka, så det spørst om det ikkje er svært nære sesongavslutning. Det er nesten sånn at ein ser forskjell frå dag til dag.

Det vert uansett fint med eit lite sesongskifte. Vinteren og våren vart trass alt veldig fin, om enn med ein litt snøfattig start.

rose

Fotturar

Melderskin0106
rose

Det er framleis ein del snø i fjellet, og særleg i nordvendte og tilgrensande himmelretningar. Det fører til at om du skal på ein topp og tenker å ta deg fram til fots så kan du nok gjere store deler av turen på barmark, men i høgda så kan du treffe på snø. Om ein tenker å ta turen til Melderskin så vil ein treffe på snø når ein nærmar seg flatene i det som vert kalla «Hålo», samt vidare oppover mot toppen, men det vil truleg vere snøfrie parti ein kan ta seg fram via. Når vêret er som no, overskya og nedbør som regn, så vil snøen vere blaut og ein vil tråkke igjennom. Altså det vert litt tungt om du må tråkke mykje i snø.

Under slike forhold kan det kanskje vere ein ide å ta med seg eit par små truger. Det er eit generelt råd om du skal ferdes der det ligger snø, avhengig av kva fjell du tenker å gå på. Det vil potensielt lette litt på strabasane. Om det vert klarvêr og nattefrost, vil snødekket fryse til og verte hardt. Får vi fleire døgn med lågare temperatur kan det utvikle seg berande skare, og då kan det vere lurt å ha med seg broddar eller stegjern.

Mange fjell med litt lågare høgde er heilt snøfrie, anten det gjeld Nordlifjell, Malmangernuten eller liknande.

Ver også obs på at dyrelivet er i ferd med å vakne til liv. Rypene trykker og er ikkje like skvetne som vanleg. Hugs på bandtvang og vis omsyn!

rose

Vêrprognosane

Vi går inn i ei veke der overskya vêr og periodar med nedbør vil prege fjellheimen. Det er meldt relativt høge temperaturar, noko vind og nedbør som regn til fjelltopps høgde. Det er oppskrifta på å smelte snø, så mykje vil endre seg i løpet av den neste dryge veka.

God tur!

rose

Tekst/foto: Cato Leganger