Placeholder

Like sikkert som at trekkfuglane vender tilbake når våren kjem, så trekker skikøyrarane lengre innover dalane mot Folgefonna etter kvart som det smeltar i dei meir fjordnære strøka.

rose

”Over eit fjell, gjennom ein tunnel, over ei bru, ja, der bur du”, synger Anna og Vilde, tidlegare vinnarmelodi frå Melodi Grand Prix junior. Som småbarnspappa så er låten ”Vestland” ein gjenganger på musikkspelaren, til og frå barnehagen i disse tider. Og eg må vedgå at den er ganske fengande, og ikkje minst treffande når ein skal skildre reisevegen til god skikøyring i disse tider. Vegen går gjerne over eit fjell og gjennom ein tunnel. Vi bur jo trass alt på vestlandet.

Etter kvart som snøgrensa trekker høgare på dei meir klassiske toppane rundt fjordbygdene, så byrjar Sunnhordland kraftlag (SKL) å brøyte vegen innover Blådalen. Når det er gjort så opnar det seg opp eit lite vår-eldorado av toppturar. Det er klassiske turar i dette området også, altså turar som gjerne er meir besøkt enn andre, og det med rette, men ein kan eigentleg berre velje seg ut eit turmål langs vegen. Det er nok å ta av. Den mest populære er moglegvis den 1302 meter høge Blådalshorga, eller ”Bukkanuten” som den vert kalla på folkemunne. Det er ein flott topp som byr på mykje fin skikøyring, avhengig av rute ned. Og ja, det er mange ruter ned. I tillegg gir toppen framifrå utsikt, ikkje minst om du vel å legge turen til litt utpå ettermiddagen eller kvelden. Skikøyring i solnedgang er ikkje å forakte. For å nå utgangspunktet for turen så køyrer du innover Blådalen, dalføret som går innover mot søndre del av Folgefonna. På veg innover dalen så har du også utsikt til fjellet, og du kan følgjeleg blinke deg ut nokre av nedkøyringane. Toppen, eller området generelt, kan på snørike vintrar gi skikøyring til uti juli månad. Altså for dei spesielt interesserte så er det framleis halvanna månad att med skikøyring, sjølvsagt avhengig av vêret frametter.

rose

Framleis godt føre ved Omnatind

Utover Blådalen så vil ein framleis kunne finne godt skiføre rundt Omnatind, spesielt i nord-nordvest vendte sider, til dømes frå toppen av Omnatind og ned i Øvre Myrdal. Om du nyttar Myrdal som utgangspunkt, så vil du kunne finne eit slags skiføre frå skoggrensa og opp, litt avhengig av kor mykje regnvêret herjar med snødekket torsdag og fredag denne veka.

Ein skikøyrar ned flanken frå Hestabotnpynten
rose

Grense for samanhengande skiføre:

Det varierer ein del i regionen kor grensa for kor du kan ta på ski er, men i enkelte himmelretningar kan du finne eit slags skiføre frå skoggrensa. For til dømes turar til Omnatind, så kan ein vere heldig å få greit skiføre frå rundt 600 moh, men snøgrensa varierer altså stort, avhengig av himmelretning. Sørsidene av fjella, spesielt dei som ligger nærare fjorden, er generelt meir avsmelta.


rose

Aktuelle skredproblem:

Det er per i dag relativt gunstige forhold i fjellet, og det mest aktuelle skredproblemet er knytt til våte laussnøskred, spesielt i solvendte sider. Det er fyrst gjeldane når sola kjem fram, men naturleg nok også gjeldane om du ferdes ute når det regnar. I tillegg må ein vere obs på glideskred. Med det i mente så bør du ha god avstand til glidesprekker. Glideskred kan lausne heile døgnet. Inn mot helga så er det meldt litt nysnø i høgda. Det er også meldt fare for ein del vind. Dette kan gi forbigåande ustabile fokksnøflak i høgda, mest truleg over 1000 moh, men dette er avhengig av nysnøgrensa.

rose

Himmelretning med best skiføre:

Det er typisk vår i fjellet. Det gir gjerne ein situasjon der snødekket hardt på morgonen, men tinar utover dagen. Dette scenarioet er naturleg nok avhengig av temperatur. Om du timer nedkøyringa di rett så kan du difor få superfin sløsjkøyring! Er du for tidleg ute, så er snødekket framleis hardt, men er du for seint ute så er snøen typisk altfor blaut, og følgjeleg vert det dårleg skiføre. Det er litt avhengig av solpåvirkinga den aktuelle dagen, men i sørsidene kan ein gjerne finne fint skiføre i 12-13 tida. Då er ofte snøen passeleg mjuk. I vest og nordvest vil det finaste skiføre vere litt seinare på dag, så her er det rom for å leike seg. Og, er du heldig så kan du kanskje finne litt tørrsnø i høgda, over 1000 moh. Den som leitar, finner ofte.

Følg med varsom.no/Hardanger for skredvarsel for region Hardanger.

God tur, og vel tur etter evne!