Etterlengta påfyll av snø.
Dei siste dagane har det lagt seg opp godt med snø i fjellet. Kanskje reddar det både påskeføret og vårskisesongen, og er vi heldige så vert det etter kvart forhold som på bilete over?
Per sundag 29.03 så snøar det- og bles godt i fjellet. Sundag føremiddag låg det 20-30 cm tung nysnø i Fjellhaugen. Vind frå sør har flytta på ein del snø, og i nordvendte leformasjonar har det lagt seg opp ekstra mykje snø dei siste par dagane. I følgje prognosane så skal det fortsetje å snø utover påska, men med eit par vêrvindu, der sola skal glytte fram, tysdag og torsdag. Mildvêrsgrensa dei neste par dagane kjem til å avgjere kor bra skiforhold det vert på litt lågare høgde, t.d. rundt Fjellhaugen, men i høgda vil ein få eit godt påfyll. Kanskje det er dette som er med å reddar den tradisjonsrike vårskikøyringa i området dei komande månadane? Det lovar iallfall betre enn på lenge.
Fjellhaugen
Det ligger greitt med snø frå parkeringsplassen og oppover i skianlegget. Snøen er relativt tung og våt, spesielt i nedre del, men ein har greie forhold for å ta seg ein tur på anten alpine turski eller vanlege turski. I tillegg er det venta påfyll av tørrsnø utover sundag ettermiddag og kveld, noko som vil betre forholda.
Ingahogg har nok ikkje hatt så god snødekningsgrad som den har no på ei stund. Dei siste vêrprognosane tyder på at nysnøgrensa skal ligge rundt 500-600 moh måndag, før den skal stige litt utover veka. Det vil uansett gi ein betrakteleg betre inngang til påskedagane enn det som det låg an til tidlegare, og det fine her er at ein kan ta på ski ved bilen og få samanhengande skiføre til topps.
Rosendalsalpane
Siste tids snøfall har naturlegvis også gjort godt for dei høgareliggande toppane i området, mellom anna fjella rundt Rosendal. Nedst, rundt skoggrensa og nokre hundre høgdemeter opp, er det framleis litt tynt og ein må vere obs på det når ein køyrer ned. Det er fort gjort å hekte i stein, trø gjennom i råten snø eller anna kvist og kvast.
I høgda så har ein fått solid pålagring, men stadvis er det avblåst til nedpå den gamle mildvêrsskaren. Totalt sett så har det fått bra med snø til no, og det skal jo fortsetje å snøe utover veka. Det vil gi enda betra snødekning og potensielt lengre skisesong. Per sundag så kan ein nok ta på skia like over skoggrensa, og då er det noko lunde samanhengande skiføre til topps. Den mest snøsikre toppen er nok Omnatind, men det er fint mogleg å legge ruta til ein av nabotoppane også, spesielt dei som ligger rundt Øvre Myrdal.
Skredfaren
Med så varierande vêr som det er for tida, der det snøar tett det eine augeblinket, medan det i neste bles og sola glyttar fram, så vil også skredfaren variere stort. Medan vind og snøvêr står på så er det aktuelt med både tørre laussnøskred og tørre flakskred som kan losne naturleg eller vere lett å løyse ut, og når sola kjem fram så kan den gi naturleg utløyste skred i solvendte formasjoner. I tillegg har siste tids vind bygd opp ein del skavlar, så ein må holde god avstand til dei.
Det kan vere lurt å følgje med på Snøskredvarslinga sine sider på www.varsom.no og gå inn på region Hardanger. Her finner ein oppdaterte skredvarsel for regionen, tips om kva ein bør vere ekstra merksam på, samt at det finnes observasjoner frå andre som har vore i fjellet. Kanskje nokre observasjoner er frå det området du har planlagt å gå tur i. I så tilfelle så kan du få fersk informasjon om snøen i det aktuelle området.
Men som alltid, hugs på at det er eit hjelpemiddel, og ikkje ein fasit på status. Vel tur etter evne!
Godt tur og god påske!
Tekst/foto: Cato Leganger