Header 08 04

Snødekkerapport veke 15

Påskepudder og ny giv.

rose

Påsken 2026 gav både sol, snø, storm og ikkje minst fint skiføre. Det gir også grunnlag for fleire fine turar i tida som kjem.

rose

Påska er akkurat tilbakelagt, og lukkelegvis vart det relativt fint påskeskiføre også i år.

Det har vore litt varierande vêr, og avslutningsvis fekk vi besøk av ytterkanten av stormen «Dave», men stundom har vi også hatt fleire dagar der sola har kikka fram og gitt både fint skiføre og sårt tiltrengt påfyll av D-vitamin.

Mange av toppane i området har vore bra vitja, og mellom anna Omnatind, Ingahogg og Geitadalstind har fått sett fleire skispor i fjellsida si. Men også andre toppar har fått besøkande i løpet av påska.

Pust i bakken
rose

Ein vårklassikar

Det sat lenge inne, og lenge såg det mørkt ut, men snøen som kom like før påske redda skiføret for mange, også for ein tur-hungrig kameratgjeng.

Toppen med det merkverdige namnet «Hestabotnpynten» er ein skikkeleg vårklassikar i området her. Den ligger på andre sida av dalføret, Øvre Myrdal, og kikar bort på sine meir besøkte toppar Omnatind og Melderskin. Litt av grunnen til at den er mindre besøkt er ein til tider litt strabasiøs tilkomst, spesielt om ein må ta beina fatt. Då er alternativa anten å gå rundt vatnet eller via Nipeskar. Lukkelegvis er Myrdalsvatnet no isfritt, og det er følgjeleg mogleg å ro eller padle over vatnet.

Og det å ta kajakk, kano eller ein robåt fatt som ein del av ein skitur krydrar og rammar turen inn på ein svært god måte.

Vi, altså ein kameratgjeng på fem, la i veg i på morgonen Skjærtorsdag. Og med båt, kano og kajakk tilgjengeleg gjekk etappen over Myrdalsvatnet lett og raskt.

Padling i skodde
Nordlifjelleggen
rose

Vel inne på «Sanden», i inste enden av vatnet, så rigga vi om og festa skia på sekken. Skodda låg framleis i høgda, men vêrprognosane gav håp om at sola skulle kike fram utover dagen. Det er uansett sånn at når ein skal på skitur på våren, og der sola står høgare på himmelen og potensielt byrjar å varme godt, så handlar det litt om «timing». Er ein for tidleg ute så kan det fort vere hard snø, og er ein for seint på dag så er ofte snøen veldig blaut og og «luggete». For vår del så handla det mest om å unngå det siste. Snøen som låg i terrenget var nysnøen frå dagane i forvegen så den var mjuk og fin, men med vêrmeldingar som meldte ei stadig meir steikande sol utover dagen så var det greitt å kome seg ned før den varma opp snøen for mykje. Ein ting er at snøen som nemnt vert meir krevjande å køyre på, eit anna moment er at på slike dagar så aukar skredfaren i soloppvarma formasjonar jo lengre på dag ein kjem.

Oppover
rose

Vi fekk spent på oss skia i skogen og sikta oss inn på «Stigen», ei litt anna rute mot toppen enn det som kanskje er vanleg. Den er litt brattare, men ein vinner høgdemeter relativt effektivt. Det er ofte slik at når ein går på plasser kor det ferdes mindre folk så kjem ein gjerne enda nærare dyrelivet, anten det er spor etter dyr eller ryper som sit og trykker.

Etter kvart som høgdemetrane vart tilbakelagt, og sveittedropane rant som små bekkeløp nedover ullskjorta, nærma vi oss toppryggen. Det er ein fin og slak rygg som tek deg dei siste par hundre høgdemetrane opp mot varden. Er det sikt så har ein framifrå utsikt, både til fjorden, til fonna og til nabotoppane.

Skodda og sola dansa litt om kvarandre og gav det heile ei trollsk framtoning. I blant dukka nabotoppane opp, anten det var Melderskin, Omnatind eller Gygrastol.

Langs toppryggen
rose

Vel oppe ved toppvarden, som ligger 1330 meter over havet, så vart niste og anna energigjevande konsumert, og i påvente av at det skulle lette enda litt meir, så vart det attfortalt gamle historier frå dei siste 10-20 åra. Ein vert fort minna på at ein byrjar å nå ein vaksen alder når ein byrjar å mimre. Det som er så fint er at ein vert aldri lei av utsikta, og når fjellet «bjudar på» og opnar skoddeteppet så er det kort mellom begeistrande utrop.

Med ny energi i kroppen så gjekk det ikkje lang tid for energilagera i kroppen var fullada og ein var klar til nedkøyringa. Og den skuffa ikkje.

Bakgarden
rose

Ruta ned att gjekk via normalvegen, og sjølv om sola og temperaturen hadde mjukna opp ein del så var det svært fint skiføre, spesielt med omsyn til at det ikkje for mange dagane sidan såg ganske mørkt ut for skiføret. Når vi byrja å nærme oss litt lågare høgder så vart også snødekket betrakteleg tynnare, og det var nok av «shark fins» under snøen, også kalla stein på godt norsk. Det gav eit par arr i sålen på skia, men det var vel verdt det.

Vel nede til vatnet igjen så var det sjarmøretappen igjen, og ein fekk sett siste nagla i det som ramma inn ein svært flott tur. Takk for ferden!

rose

Så kva med fortsetjinga?

For mange så er ofte skisesongen noko lunde over når ein stemplar ut etter påske, og med vinteren så langt i år i mente så kan ein forstå det.

Den siste tida så har det vore mykje vêr, og sist med uvêret «Dave». Det har ført til at ein har fått nok ein runde med påfyll av snø, og spesielt litt høgare i fjellet. Så sjølv om dei siste månadane har vore relativt milde, om ein ser vekk frå dei siste vekene, så kan ein fort få ein relativt kald vår. Det kan gi ein fin vårskisesong, også her i området, trass i at snømengde er noko mindre enn det som det er er gjennom ein normalvinter. Det spørst kva som etter kvart vert den nye normalen.

Hestabotnpynten
rose

Vårskikøyringa er ofte den finaste tida i løpet av skisesongen. Vi får meir dagsljos og ein kan gjerne legge i veg på ein tur etter jobb og framleis rekke heim att før det vert mørkt, og snøen er ofte meir forutsigbar der sola styrer i større grad kvaliteten på snøen og skredfaren. Med det sagt så kan vi fort få mange fine skiturar enda, anten det vert til Omnatind, Geitadalstind, Ingahogg eller at ein byrjar å trekke innover Blådalen når den etter kvart opnar for mindre bilar.

Mot Melderskin
rose

Skredfaren

Sjølv om det er vår og snøen og skredfaren til tider er meir forutsigbar, så må ein ha med seg at det framleis kan losne skred, også av ein storleik som kan gi konsekvensar i form av at ein vert gravlagt av snømassane. Vinteren gjere framleis nokre framstøt så følg med på Snøskredvarslinga sine nettsider om kva som er mest aktuelle skredproblem, men hugs på at det er eit hjelpemiddel og ikkje ein fasit på korleis det er i fjellet.

Og som tidlegare nemnd så finner ein ofte gode tips til kor det finnes gode snøforhold om ein nyttar dei ulike observasjonane som ligger der. Eg har registrert at det stadig dukkar opp spørsmål om korleis snøforholda er på den og den toppen lokalt. I regobs kan ein ofte finne gode svar, så bruk det aktivt, både ved å lese det som står, men også laste opp eigne observasjonar.

Ha ein fortsatt fin vår, og som alltid vel tur etter evne!

rose

Tekst/foto: Cato Leganger

Skodde
Pa avstand
Solglimt
Tett take
Tett take 2
Fine forhold
Snoforhold 2