Framleis fint skiføre i fjellet.
Det er full vår i låglandet, men i fjellet er det framleis godt med snø og fint skiføre.
Sola har varma godt den siste tida, og følgjeleg så fortset snøsmeltinga. Det er typisk vår, varmt om dagen og kaldt om natta. Det gir attfrysing av snøoverflata om natta og oppmjukning om dagen, spesielt der sola får tak. For dei som framleis ikkje har pakka vekk skia, så er det relativt mykje snø igjen, spesielt teke vinteren i betraktning.
For Fjellhaugen og Ingahogg så byrjar det å minke på snøen, men om ein tåler å bere skia til toppen av skitrekket så finner ein noko lunde samanhengande skiføre til topps. Det er også mogleg å ta turen ned sørsida og følgjeleg få seg ein fin rundtur. Det gir også svært fint føre om ein “timer” det etter sola. Meir om det lengre nede.
For Blådalen så er det sagt at vegen skal opne 1. mai, men korleis det i praksis vert gjennomført er framleis noko usikkert. Det kan bli ein del restriksjonar på både stoppeplassar, fart og anna. Her må ein berre følgje eventuell skilting. Det er også sagt at det skal kome informasjon i aviser og kanskje også gjennom andre kanalar.
For «Rosendalsalpane» så er det godt med snø i høgda. Om ein går via Myrdalsvatnet og opp via Nipeskar så må ein bere skia til rundt 700 moh. Her i frå er det fint mogleg å ta seg samanhengande på ski til topps. På- og rundt til dømes Omnatind så har ein fleire alternativ, både for relativt ferske og meir vidarekomne skiløparar. Dei fleste fjella frå Hestabotnpynten via Bjørndalstindane og til Omnatind og Melderskin har skiføre.
Ikkje så langt frå disse fjella ligger Gygrastol. Snøgrensa går noko lunde på same høgde som ved Omnatind, men alternativa er litt færre med omsyn til nedkøyring. Her er det også verdt å merke seg at så lenge vêret er som no så tek det ofte litt tid før det mjuknar opp. Ein bør difor ha med stegjern eller liknande om ein går tidleg på dag.
Skiføret
Som nemnt innleiingsvis så er det typisk vårlege forhold i fjellet. Det frys til om natta og mjuknar opp om dagen. Det fører til at ein må «time» skiføret litt for å få gode forhold. Er ein for tidleg ute, så er det ofte hardt og er ein for seint ute så er det ofte litt for bløtt. Det er fleire ting som er med på å påverke disse prosessane, men generelt så er det lurt å følgje litt med på sola og kor den tek. Det er også lurt å ha med seg stegjern eller skarejern, og om ein skal inn i brattare lende så er ei lita isøks gull verdt.
Skredfaren
Det er vårleg og snødekket har stort sett stabilisert seg, og enn så lenge vêret er som no så er forholda relativt stabile. Det vil sei at det forventast stort sett mindre skred, men ver obs på at det kan finnes ein del skavlar igjen i fjellet. Om vêret endrar seg og ein får meir smelting, så kan skredfaren auke. Det er i tillegg verdt å merke seg at tidleg på dag, og i meir skjerma nordvendte formasjonar så held snødekket seg hardt. Utglidingsfaren er difor noko ein må ha i mente.
Følg med på Snøskredvarslinga sine nettsider, leit opp region Hardanger og bruk det som eit hjelpemiddel i turplanlegginga di.
God tur – og vel tur etter evne!
Tekst/foto: Cato Leganger