Pudder og sol, men stigande skredfare.
Vinteren gjorde eit lite comeback i fjellet denne veka, noko som resulterte i nær sesongbeste på- og rundt Omnatind. Prima skiføre, sol og vindstille er ikkje kvardags i vêrharde vestlandsfjell, men tiltakande vind og nedbør som snø gir auka skredfare dei komande dagane.
Dei fleste har nok byrja å vende blikket mot sumar, strand- og båtliv og den slags, men for dei som prøver å få klemt ut dei siste skiturane av ein dels variabel sesong så er det framleis vinter i fjellet. Skiføret har vore prima dei siste dagane, men det ligger an til ein liten endring i vêret gjennom helga, men meir om det lengre nede.
Det er ikkje så veldig mykje som har endra seg den siste veka med omsyn til grense for samanhengande skiføre. På torsdag så kunne ein ta på ski på rundt 800 moh i Nipeskar – normalruta inn mot «Rosendalsalpane». Om du synes det er greitt å traske litt på lyng og stein så kan du ta dei på litt lågare, rundt 750 moh. Nedst er det noko tynt snødekke, men dei siste dagars snøfall har gitt pålagring i form av rundt 10 cm nysnø. Nysnøen kviler over den eldre smelteomvandla og harde overflata, noko som gav svært fine forhold onsdag og torsdag denne veka.
Mengde snø i terrenget varierer, men generelt så er det bra med snø i høgda, over rundt 800 moh. Dei fleste toppane rundt Omnatind og Bjørndalstindane har bra snødekningsgrad og vil truleg ha det ei god stund til enda.
Blådalen
Vegen innover Blådalen er no opna, men Sunnhordland kraftlag har formidla at det kan verte redusert framkome, stengingar og anleggstrafikk i tida frametter. Det er viktig at ein føl skilting. Køyr forsiktig!
For skiforholda sin del så er det greitt med snø, og sesongen vil nok vare ei stund til enda, anten det er Blådalshorga, Sandvasshorga eller andre toppar.
Hugs også på at det fort kan falle nedbør som snø her og vegbana kan verte glatt.
Vêrprognosar og skredfare
Det ligger an til at vinden skal ta seg opp fredag og dels utover laurdag. Det kan gi snøtransport og følgjeleg kan det legge seg opp ustabile fokksnøflak. Skredfaren kan difor verte stigande utover fredag og gjennom laurdag, avhengig av korleis vêret utviklar seg.
Sjølv om det er vårleg i låglandet så kan det verte vinterleg i fjellet, og det er viktig at ein framleis gjere gode og gjennomtenkte vurderingar og ferdes etter evne. Sjølv om det har vore ein stabil situasjon den siste tida, så gir nysnø og vind ein potensielt litt skarpare situasjon.
Om det legger seg opp fokksnøflak i helga så må ein vere obs på at disse kan kvile på svakt lag av nynsø og rim, og dei kan vere lette å påverke. Ver ekstra varsam der det eventuelt ligger større samanhengande flak.
Utover laurdagen skal det per torsdagens vêrprognosar byrje å falle ein nedbør. Det kan falle rundt 15 cm nysnø laurdag, og det skal moglegvis fortsetje å falle litt snø dei påfølgjande dagane. Det kan vere med å gi fint skiføre og forlenga sesong, men ver altså obs på eventuell danning av flak. Ver ekstra varsam i nordvest vendte og tilgrensande formasjonar. Mange klassiske nedkøyringar rundt Bjørndalstindane, Melderskin kan få eit meir potent skredproblem dei neste par dagane.
For øvrig så bør ein følgje med på Snøskredvarslinga sine nettsider. Klikk deg inn på region Hardanger. Her finner du ein del gode tips og råd som du kan bruke i turplanlegginga di. Hugs på at det som står der ikkje er noko fasit.
God tur – og vel tur etter evne!
Tekst/foto: Cato Leganger