Header 1305

Kom mai, du kvite, kalde.

rose

Den kalde starten på mai held fram litt til. Førre dagen låg det nysnø nedover grønkledde lier, til glede for nokre få og til forarging for dei fleste andre.

rose

Mai månad plar ofte vere varm og fin, og sjølv om våren er godt framskriden langs fjorden så er det framleis relativt vinterleg i fjellet. Både torsdag og sundag førre veke, samt tysdag denne veka bydde på tett på sesongbeste med tanke på skiføre rundt «Rosendalsalpane». Og basert på noverande vêrprognose så kan det sjå ut til at det kan fortsetje litt til.

rose

Rosendalsalpane

Føret og grensa for samanhengande skiføre vekslar litt avhengig av kva innfallsport du bruker. Om ein går via det som må kallas «normalruta», via Myrdal og Nipeskar, så kan ein ta på ski på rundt 750-800 moh. Det er noko tynt nedst, og ein må sikk-sakke seg litt oppover, men over rundt 800 moh så er det samanhengande skiføre til topps, anten ein vel å gå til Omnatind, i retning Bjørndalstindane eller mot ein anna topp.

Rosendalsalpane 1005
rose

Føret varierer litt avhengig av kva himmelretning ein beveger seg i, og om sola kjem tilstrekkeleg fram til at ho mjuknar opp dei solvendte formasjonane. Tysdag var det skare nedst, litt brytande skare i enkelte parti midtvegs, soloppvarma «sløsj» i solsidene og i nordvest vendte sider var det rundt 20-25 cm pudder frå 1000-1100 moh og opp. Ei god blanding, men generelt veldig fint.

Omnatind 1205
rose

Dei fleste toppane har følgjeleg fint skiføre for tida. På austsida av dalen, t.d. ved Hestabotnpynten er det litt meir avsmelta, men det er framleis mogleg å få seg ein fint skitur også der. Fjella med best skiføre er nok dei som strekker seg frå Bjørndalstindane og mot Omnatind og Melderskin. Her kan ein fine mykje bra skiføre, og truleg vil det ligge relativt bra med snø her ei stund til.

Bjorndalstindane 1205
rose

Blådalen

Det er bra med snø på Blådalshorga, eller «Bukkanuten» som ein kaller det lokalt. Det som er ekstra positivt er at ein kan ta på ski ved bilen og ha samanhengande skiføre til topps. Føret vil naturleg nok variere avhengig av dei same faktorane som styrer skiføret elles i fjellheimen. For Sandvasshorga så er det litt det same, men der kan det vere litt utfordrande med omsyn til tilkomst. Vegen opp mot Vetrhus kan verte stengt.

Ver generelt merksam på at ferdsel innover Blådalen med bil kan vere litt utfordrande. Det kan bli mellombels stenging av veg, det er ein del anleggstrafikk og det er generelt litt mindre framkomeleg enn vanleg. Det er difor viktig at ein les- og følgjer skiltinga. Køyr forsiktig og ver merksam!

rose

Snøskredfare og vêret vidare

Etter nokre rundar med nysnø og litt usikkerheit knytt til om det har danne seg svake lag nede i snødekket, så byrjar det å normalisere seg litt igjen. Ver likevel merksam på at det ligger ein del nysnø i fjellet, og i bratt terreng kan det vere mogleg å løyse ut skred. Det er venta at det aller fleste skred vert av mindre storleik, men ver litt ekstra på vakt i større formasjonar der skred losnar høgt oppe og går langt. Eit skred kan fort akkumulere ein del masse på veg ned, og er ein i spesielt utsette formasjonar så kan det få større konsekvens enn det som kanskje ein forventar.

Take 1305
rose

Basert på noverande vêrprognose så går vi nokre relativt stabile dagar i vente. Det kan falle litt meir nysnø i fjellet, og per no så ligger det an til ein litt meir skya vêrtype. Mot midten av neste veke så ventes det litt høgare temperatur, noko som truleg vil returnere oss til litt meir standard vårlege forhold.

Følg med på Snøskredvarslinga sine nettsider. Her kan du finne tips og informasjon som kan vere nyttig i planlegginga av tur, men hugs på at det ikkje er noko fasit det som står der. Er du heldig så kan det fort ligge observasjonar frå det området du har tenkt deg på tur til. Og er du litt ekstra grei så er det fint om du legger inn observasjoner sjølv. Det er ein stor region, og ein når ikkje over alt til ei kvar tid, så alle observasjonar er nyttige. Det fører også til eit meir presist skredvarsel.

Og som alltid, vel tur etter evne. God tur!

rose

Tekst/foto: Cato Leganger