Vert det påskepudder?
Det byrjar å nærme seg påske, og vanlegvis ville det vore fine forhold i fjellet, men siste tids jojo-vêr har sett sitt preg på snødekket. Kan neste vekes snøfall redde både påske og deler av vårskisesongen?
Det stabile, men rett nok snøfattige vintervêret vi hadde i januar og dels i februar har vorte byta ut med meir ustabilt og vekslande vêr. Inn mot førre helg så la det seg opp 50-60 cm nysnø i fjellet, noko som gav stadvis svært fint skiføre, men nytt lågtrykk frå sør trekte med seg mild og fuktig luft som gav mykje nedbør som regn og vind i starten av førre veke. Det «torpederte» snødekket og meir eller mindre nullstilte det igjen.
Vêrprognosane per sundag morgon tyder på eit nytt vêrskifte er på gang. I løpet av sundag ettermiddag skal nedbøren ta seg litt opp, og etter kvart så dreiar vindretninga frå sørvest til meir vestleg og følgjeleg litt fallande temperatur. Litt vekslande vindretning vil gi noko varierande nysnøgrense dei neste par dagane, men det kan falle ein del nedbør og då som snø i fjellet. Er ein heldig så kan det legge seg opp nye 50-70 cm snø i fjellet. Det kan delvis redde påska, iallfall for dei som er interessert i å gå litt på ski. Er ein litt ekstra heldig så vert det generelt litt lågare temperaturar i tida som kjem, noko som også vil konservere det som er av snø.
Fjellhaugen
Rundt Fjellhaugen og Ingahogg har mildvêret tært mykje på snødekket. Det er mogleg å gå på ski, men det er ikkje så mykje som minner om tidleg vår. I deler av alpinbakken så ligger det litt snø, så ein kan ferdes noko lunde samanhengande. Ein og anna plass må ein gå på lyng eller ta av seg ski, men det er mogleg å ta seg ein tur til Ingahogg. Skal ein ha sjanse for betre føre, så kan ein følgje litt med på nysnøgrensa utover veka.
Rosendalsalpane
Vanlegvis, i det ein kan kalle ein normal-tilstand, så ville det vore fine forhold for topptur på ski rundt omkring i fjella som krinsar over Rosendal. Toppar som Omnatind, Andersfjell, Bjørndalstindane og Hestabotnpynten plar gi fint vårskiføre når vi går inn i påska. Årets sesong følgjer litt på fjoråret, og er snøfattig, men eit påfyll neste veke i kombinasjon med ein litt kaldare vår kan gi ein liten opptur når det gjeld skiføret.
Sjølv om det er lite snø så er det mogleg å få seg ein heilt grei skitur også på noverande føre. Om ein følgjer normalruta for skiferdsel, via Myrdal og opp Nipeskar, så må ein førebu seg på ein god anmarsj på beina med ski festa på ryggen. Laurdag, 21. mars, kunne ein ta på seg ski på rundt 700-800 moh, men snødekket var tynt, spesielt i starten. Nysnøen utover veka kan endre litt på det, men nysnø på våt og varm bakke kan potensielt smelte fort. Ein må også vere obs på at det er svært mykje oppstikkande stein og nysnø over dette vil krevje at ein følgjer litt ekstra med når ein køyrer på ski ned att. Men når ein har fått ski på beina så kan ein gå samanhengande opp til Omnatind, og ein kan skli ned att same veg som ein kom opp eller ein kan legge eit spor ned mot Øvre Myrdal. Også ned mot Øvre Myrdal er det mykje oppstikkande stein, så ver oppmerksam på det. Det vil nok også vere mogleg å traversere bort mot Bjørndalstindane, med skodde og redusert sikt laurdag gav ikkje utsyn til høgareliggande områder. Ein anna klassisk topp, Hestabotnpynten, er meir avsmelta, men ein kan sikk-sakke seg opp og få ein heilt grei tur om det er turen som fokus. Skikøyringa ville vore så som så i helga som var.
Skredfaren
Den siste tida har det stort sett vore stabile forhold, i realiteten svært vårleg. Faregraden har veksla litt mellom faregrad 1 og 2, og der små våte laussnøskred har vore det primære skredproblemet. Det vil endre seg no når vi etter kvart får påfyll av snø. Mengde nedbør som snø vindhastigheit og temperatur vil ver med å styre det. Vi kan forvente tørre laussnøskred og potensielt tørre flakskred der vinden legg opp snø. Litt vekslande vindretning kan aktualisere skredproblemet i fleire himmelretningar. Det vil vere lurt å bruke Snøskredvarslinga sine nettsider, www.varsom.no, aktivt i turplanlegginga. Gå inn på region Hardanger si side. Det kan ofte vere at andre har vore på tur i det området du har tenkt, og kanskje dei til og med har lagt ut ein observasjon som beskriver litt korleis det var i det området.
Hugs på at det eit hjelpemiddel, ikkje ein fasit. Og som alltid, vel tur etter evne!
Tekst/foto: Cato Leganger