Snodekke veke 8

Snødekkestatus veke 8

Vêrskifte og mykje nedbør i vente.

rose

Den siste veka har det falle mellom 5 og 25 cm nysnø, avhengig av kvar du er i kommunen. Søndre del fekk mest snø, medan i området rundt Mauranger kom det rundt fem centimeter med påfyll. Underlaget som snøen la seg på var høgst varierande. Stadvis, der nysnøen la seg over det gamle harde snødekket, fekk ein relativt fint skiføre. Men terrenget er framleis ulendt i form av oppstikkande stein, kvist og kvast, så forholda har ikkje vore heilt maksimale enda om ein traktar etter turar på alpine turski. For fjellskiturar så har det vore noko betre, og dei ulike dalføra og områda rundt Fjellhaugen har gitt relativt fine forhold for å gå på ski.

rose

Vêrskifte

Vi går inn i helga med mykje vêr i vente. Vinden skal ta seg opp, og det skal periodevis blåse liten storm frå sør. Det skal også falle relativt mykje nedbør, og spesielt sundag kan gi ein god porsjon snø i høgda. Etter kvart som nedbørsintensiteten aukar på, så skal også mildvêrsgrensa stige. Det lovar ikkje veldig godt for områda rundt Fjellhaugen, spesielt litt lågare i terrenget. Vêrprognosane per torsdag kveld tyder på at det i løpet av helga skal vere plussgrader opp til rundt 800 moh. Det positive er at det skal falle relativt mykje nedbør den neste veka, og litt høgare i terrenget så vil det då falle mykje snø. Og så får vi håpe at nysnøgrensa går lågare enn meldt.

Områda rundt «Rosendalsalpane» vil uansett få sårt tiltrengt påfyll, noko som på sikt vil kunne gi mykje skiglede. Per i dag så kan du gå tur i området, men til no så har det vore sparsamt med godt skiføre.

Andersfjell
rose

Skredfaren aukar

Det er ofte slik at ved større lågtrykk så aukar skredfaren, og slik er det også no. I våre fjelltrakter er det ikkje så mykje snø enda, men kombinasjonen av mykje nedbør som snø dei neste par dagane og kraftig vind, vil gi auka skredfare. Sjølv om snødekket per no er relativt tynt, så har det som følgje av ein lengre kuldeperiode vorte svakt bygd opp av fleire svake lag. Ein må difor vere varsam om ein skal ut på tur i tida som kjem.

Det har seg slik at den lange kuldeperioden som vi har vore inne i, og som har skapt fleire svake lag, også kalla vedvarande svake lag på grunn av at dei «varer ved», kan gi oss trøbbel seinare i vinter og vår. Dei har etter kvart føyka og snødd ned, og vil vere vanskelegare å påverke per no, men etter kvart som vintermånadane går over i vårmånadar, så kan dei igjen verte aktuelle og by på problem. Det er ganske fasinerande at det som skjer med snødekket gjennom nedbørsfattige veker kan få konsekvensar fleire månadar seinare, men vi får sjå korleis resten av vinteren utviklar seg.

Men litt nærare i tid så ein under mildvêrsgrensa kunne få naturleg utløyste våte skred, medan det over mildvêrsgrensa vil kunne løsne naturleg utløyste tørre skred. Det kan vere lurt å følgje med på Snøskredvarslinga sine nettsider, www.varsom.no, for meir informasjon om korleis skredfaren utviklar seg, og kva skredproblem som vert mest aktuelle. Er du heldig så kan det også ligge informasjon om fjellet du har planlagt tur til. Bruk informasjonen du finner som ein del av turplanlegginga di, ikkje som ein fasit, og som alltid; vel tur etter evne!

God tur og god vinterferie!

rose

Tekst/foto: Cato Leganger