Mildvêr og regn.
Etter eit sårt tiltrengt påfyll av snø som gav fint skiføre for nokre dagar, så slår det no om til regn til fjelltopps høgde.
I skrivande stund, onsdag, så har det byrja å regne, og regnet går høgt til fjells. Sjølv om vi har fått eit bra påfyll av snø den siste veka, så er det framleis relativt lite snø, også i høgda. Det gav likevel fint skiføre, både for fjellski i dalane og i- og rundt Fjellhaugen, men også heilt greitt skiføre for alpine turski på Ingahogg og tilsvarande toppar.
Mildvêret som kjem no vil setje ein mellombels stoppar for det. Spørsmålet er kor mykje regn som vil falle før det eventuelt fryser på igjen. Det kjem uansett til å prege snødekket, og både områda rundt Fjellhaugen og Omnatind og nabotoppane vil få redusert skiføre. Lukkelegvis er det framleis mykje vinter igjen, og snøen vil returnere, kanskje allereie til helga eller utover neste veke.
Auka skredfare
Vêrprognosane per onsdag 25.02 tyder på mykje regn dei komande 24-48 timane. Det kan fort falle 60 mm nedbør som regn, og mildvêrsgrensa vil gå høgt til fjells alle dagar. Det gir naturleg nok auka skredfare, og sjølv om lågareliggande terreng har lite snø, så vil det kunne losne middels store og potensielt store snøskred høgt i fjellet. Det mest aktuelle terrenget er relativt utilgjengeleg per no på grunn av lite snø lågare nede og vanskeleg tilkomst, men områda rundt «Rosendalsalpane» og tilsvarande fjellområder, der det ligger snø, kan fort få ein del skredaktivitet. Sjølv om snødekket vil bli svært prega av større mengder regn, så vil ein kunne få eliminert ein del svake lag djupare i snødekket, noko som vil vere gunstig på sikt.
Snøskredvarslinga varslar om faregrad 4 torsdag. Det er viktig å hugse på at det er eit regionalt varsel og det vil følgjeleg ikkje vere like aktuelt over alt, som til dømes på vestsida av Folgefonna. Dei neste par dagane er uansett ikkje tida for å bevege seg i skredterreng. Då er det betre å finne seg ein kopp kaffi eller kakao, lese ei bok eller planlegge framtidige turar.
Etter kvart som går mot helg og over i neste veke så skal temperaturen igjen falle litt, og vi kan igjen få nokre rundar med snø også lågare i terrenget.
Skal du ut på tur, så vel tur etter evne. Planlegg turen godt, og bruk gjerne region Hardanger si side på www.varsom.no som ein del av planlegginga. Her kan du finne mange gode tips.
Tekst/foto: Cato Leganger