Nysnø i Rosendalsalpane

Snøkaos!

rose

For dei av oss som er glade i rikelege mengder med snø, så er det få ting som gler meir enn å vakne til ei stadig aukande mengde snø på verandaen. Alle utfordringane og bekmyringane det fører med seg, i form av logistikk og den slags, får vente. Akkurat no så er det berre å dyrke gleda, for no byrjar det å verte særs fine forhold i fjellheimen, iallfall med omsyn til mengde snø. Og trass i at det i løpet av helga skal verte mildare, igjen, så ser det ut som at det skal fortsetje å snø i høgda.

Så langt i vinter så har det vore relativt snøfattig. Det har kome ein del snø, men typisk nok så har snøfallet vore etterfølgd av mildvêr eller vind, gjerne med storm eller orkan i kasta. Då seier det seg sjølv at snøen forduftar. Det positive er at det forut for siste dagars snøfall hadde danna seg ein bra såle som nysnøen kunne legge seg oppå. Det fører til at vi ved vekeslutt kan få prima pudderkøyring i nær sagt alle himmelretningar.

Det er nok ikkje lenge til ein kan nyte det flotte nedkøyringa frå Omnatind.

Dei fleste toppane byrjar å likne på noko som er fornuftig å ferdes på. Enkelte av dei, til dømes Gygrastol, hadde lite snø, og den vil krevje relativt mykje snø for å kunne vere farbar. Ver litt obs på at det stadvis kan vere kort veg ned til stein. Den lause snøen er djup, men ein trør også ganske lett igjennom. Om det ikkje er så god såle akkurat der du er, så kan det fort verte til at du hektar i stein eller lyng og dermed går på tryne. Så lenge det berre går ut over egoet, så er det ikkje så farleg, men ein kan fort slå seg. Hugs difor på hjelm! Det er ei billig investering. Utover det så er nok både Omnatind, litt med same ankepunkt som Gygrastol, Ingahogg og fleire av toppane moglege å ferdes på. Enkelte av dei vil stå fram som reine kremtoppar. Og det er ikkje å forakte.

Nedkøyring frå Omnatind
Nysnø i fjella i Rosendal
rose

Ver varsam!

Sjølv om nysnøen er freistande for oss alle, så fører også eit såpass stort snøfall med seg ein del utfordringar for dei som ferdses i skredterreng. Utover fredagen er det meldt ein del vind, og om dette inntreff, så vil ein få ein potensielt særs utfordrande situasjon. Det er viktig å ikkje la seg heilt rive med utan å tenke på kva terreng det er ein ferdes i, kva skredproblema er og om det er mogleg å handtere det. Om vinden vert tilstrekkeleg fart i, så vil den byrje å flytte på snø, og med omsyn til mengde nysnø, så vil den ha mykje snø å flytte på. Det kan føre til stor pålagring i motsatte himmelretningar. Her er det viktig å gjere kloke val! Er du usikker, så bør du halde deg vekke frå skredterreng.

Følg med på varsom.no/Hardanger for oppdaterte varsel, og om du ikkje alt har gjort det, så er det lurt å laste ned regobs.varsom appen. Det er veldig fint om du legg inn eit bilete eller litt informasjon om du er ute på tur. Den forenkla utgåva er ganske sjølvforklarande, og det som ein får inn av informasjon er gull verdt for dei som sit og skriv varsla. Det fører også til eit meir presist snøskredvarsel. Ein anna positiv ting med appen er dei gode kartløysingane. Her er, mellom anna, både losneområder og utlaupssoner innteikna. Altså eit godt hjelpemiddel både til turplanlegging og gjennomføring av tur.

God tur og vel tur etter evne!


Tekst og bilete: Cato Leganger, Rosendal Fjellsport

Spor i snøen i Rosendalsfjella