På veg til Hestabotnpynten, med Hardangerfjorden og havet i bakgrunnen.

Snø-og førerapport

Påska 2022

rose

Påskeferien står for tur, og Rosendal Fjellsport gjer oss oppdatert informasjon om kva vi kan forvente dersom vi vil tilbringe den med ski på beina!

Forholda i fjellheimen er per i dag bra. Med det meiner eg at det finnes mykje god snø å køyre på ski i. Det varierer naturleg nok litt, og det kan fort endre seg litt inn mot helga då det er meldt litt vind, spesielt i høgda. På onsdag låg det 20—25 cm ubunden snø i formasjonar mot vest, nordvest og aust. Godt mogleg i alle himmelretningar. Snødekket barpreg av å vere dels vindpåverka, mest vindpakka mjuk, spesielt der vinden har fått jobba. På ryggane var det stadvis avblåst til nedpå den gamle smeltepakken.

Inn mot helga er det meldt klarvêr, før det skal kome noko nedbør og litt vind utover laurdag og sundag. Vindretninga skal vere litt variabel, men den sterkaste vinden skal blåse frå nordvest, så den vil nok byrje å flytte på snø, frå nemnte himmelretning og inn i motsette sektorar. Enkelte formasjonar vil nok ligge relativt urørt, så det gjelder å finne dei for å finne så god skikøyring som mogleg. Utover påskeveka skal både vind og nedbør avta, og vi får håpe sola kikar fram.

Foto: Cato Leganger/Rosendal Fjellsport



Grense for samanhengande skiføre:

Det varierer ein del i regionen kor grensa for kor du kan ta på ski er, men rundt 400 moh er nok det snø å finne. For til dømes Myrdal, inngangsporten til ”Rosendalsalpane”, så finner du skiføre frå parkeringa ved Myrdalsvatnet. Mest truleg kan du køyre like inn til vatnet, men det er litt avhengig av mengde nysnø som fell i helga.

Aktuelle skredproblem:

Skredsituasjonen er per i dag litt usikker. Inn mot helga vil vi nok ha ein del fokksnøproblematikk, men det er avhengig av vinden som er meldt slår til. I tillegg er det observert rim/kantkorn over skarelaget. For regionen er det litt usikker utbreiing av dette, men ein kan ha det i mente at det kan finnes. Mest truleg i skjerma formasjonar mot nord og tilgrensande sektor, men som sagt, det er usikkert.

I solsidene, om det kjem sol eller er tilstrekkeleg nok oppvarming, så er våte laussnøskred mest aktuelt.

Himmelretning med best skiføre:
Det finnes nok god snø i dei fleste himmelretningar, spesielt i litt skjerma formasjonar, men også på ein del større flankar. Onsdag var det prima skiføre mot vest, nordvest og nord-nordaust. Det er meldt varierande vindretning dei neste dagane, men primært frå nordvest. Det vil nok endre konsistensen litt.

Følg med varsom.no/Hardanger for skredvarsel for region Hardanger. Det er framleis vinterlege forhold, og skredfaren kan endre seg raskt.

Ein skilaupar på veg ned frå Hestbotnpynten. Melderskin og Omnatind kan skimtast i bakgrunnen. Foto: Cato Leganger/Rosendal Fjellsport.


God tur, ha margin, og vel tur etter evne!


Cato Leganger/Rosendal Fjellsport

7.april 2022