20220420 101134

Snørapport per 21.april 2022

rose

Grense for samanhengande skiføre:

Det varierer ein del i regionen kor grensa for kor du kan ta på ski er, men du kan nok finne samanhengande skiføre frå rundt 500 moh, men ver obs på at der det ligg snø i lågareliggande terreng, så vert gjerne snøen veldig råten på ettermiddagen. Det er ikkje prima skiføre, men det er mogleg å kome seg opp og ned. Over skoggrensa er skiføret betre, men naturleg nok med litt variasjon avhengig av kva himmelretning du befinner deg i. Dei mest solpåvirka sidene er typisk litt meir avsmelta enn til dømes nordvest og nord.

Aktuelle skredproblem:

Per i dag så vil nok skredfaren vere knytt til våte laussnøskred og våte flakskred som følgje av dei milde temperaturane på dagtid. Dei våte flakskreda har størst farepotensiale, spesielt om dei lausnar på det vedvarande svake laget nede i snødekket. Det er ein del teikn som tyder på at det har smelta relativt greit ned utan dei heilt store skreda, men ver obs på at det framleis kan gå store skred på massane som ligger over skarelaget. Ver også obs på at om du ferdes i bratt terreng så kan små skred vere nok til å få deg ut av balanse. Er du i eksponert terreng, altså der du ikkje bør falle, så kan det difor få store konsekvensar sjølv ved små overflateskred. Det er også lurt å merke seg at det er mange store skavlar som er intakte i fjellet. Ein skavel kan brekke 45 grader innover, så ver bevisst på kor du står i forhold til kanten. Ha god margin!

Himmelretning med best skiføre:

Slik vêret er no, så er snødekket hardt på morgonen, men tinar utover dagen. Om du timer nedkøyringa di rett så kan du difor få superfin sløsjkøyring! Er du for tidleg ute, så er snødekket framleis hardt, men er du for seint ute så luggar det gjerne for mykje, og følgjeleg vert det dårleg skiføre. Det er litt avhengig av solpåvirkinga den aktuelle dagen, men i sørsidene kan ein gjerne finne fint skiføre i 12-13 tida. Då er ofte snøen passeleg mjuk. I vest og nordvest vil det finaste skiføre vere litt seinare på dag, så her er det rom for å leike seg.

Utsikt mot Nipeskar og Bjørndalstindane
rose

Påska er vel overstått og kvardagens mas og fjas ligger atter ein gong over oss. Lukkelegvis er helga like om hjørna, og desto like bra er det at vi har fått eit vêr med eit drag av sydenvarme over seg. Etter det yr.no sine vêrtenester melder, så skal situasjonen vere relativt lik heile helga igjennom. Det er tilsynelatande ein litt meir skya vêrtype laurdag og sundag, men temperaturen skal halde seg høg. Utover neste veke skal det visstnok skye enda litt meir til, temperaturen skal falle, men nedbøren ser ut til å utebli.

For mange er nok skisesongen på hell, og det sikkert med rette. Det har vorte mykje ski i vinter, heilt sikkert for fleire enn underteikna. Likevel er tida vi er inne i no ei tid for fin skikøyring. Og det ligger framleis mykje snø i fjellet, så her kan ein nok finne fornuftig skikøyring til langt uti juni månad.

Inngangen til påska var prega av ei stygg skredulukke nordpå, nærare bestemt i Lyngen, og påska var generelt prega av relativt stor skredfare landet over. Det har også vore aktuelt i region Hardanger som Kvinnherad fell innunder. Trass i at det ser ut til å roe seg litt, så må ein vere observant på at dei høge temperaturane fører til mykje vatn i snødekket. Det kan føre til fleire potensielt farlege situasjonar, avhengig av korleis snødekket er bygd opp. Per i dag så har vi nokre dels ugunstige eigenskapar ved snødekket som fører til at vi framleis kan få relativt store skred.

Slik som stoda er i dag så er snødekket gjerne hardt på morgonen, medan det tiner utover dagen. Skredfaren er soleis knytt til tida på døgnet, høgast når sola har stått på ei stund. Tida vi er inne i freistar også mange stupkøyrerar, altså dei som liker å ferdast i brattare terreng, inn i renner og formasjonar dei har gått og sikla på heile vinteren. Det er nok mykje som kan la seg gjere, men om ein skal drive den type bratt skikøyring så er det ekstra viktig at du veit kva du held på med, at du kjenner til korleis snødekket er bygd opp og kva tidspunkt som er minst risikabelt å ferdast i den type terreng.

Ver varsam!

Våren er også ei fin tid for mange flotte fjellskiturar, både til meir moderate skitoppar, men også å krysse Folgefonna. Meir om det neste gang.

20220420 100420