20220409 161117

Snørappport per 13.april 2022

rose

Grense for samanhengande skiføre:

Det varierer ein del i regionen kor grensa for kor du kan ta på ski er, men rundt 400-500 moh er nok det snø å finne. For til dømes Myrdal, inngangsporten til ”Rosendalsalpane”, så finner du skiføre frå parkeringa ved Myrdalsvatnet. Mest truleg kan du køyre like inn til vatnet, i alle fall om du har gode dekk. Vegen vert truleg bar, eller relativt bar disse dagane.

Aktuelle skredproblem:

Per i dag så vil nok skredfaren vere knytt til våte laussnøskred og våte flakskred som følgje av dei milde temperaturane på dagtid. Dei våte flakskreda har størst farepotensiale, spesielt om dei lausnar på det vedvarande svake laget nede i snødekket. Sjå under. I høgda mot nordvest, truleg over 1100-1200 moh, så vil ein nok ha fersk fokksnø. Hald også avstand til skavlar i fjellet. Mange av dei vanlegaste turmåla har ein del skavlar rundt seg. Ver obs på at skavlar gjerne bryter 45 grader innover.

Det ligger eit vedvarande svakt lag av kantkorn nede i snødekket, under eit bærande skarelag. Enkelte plasser i regionen kan dette laget ligger over skaren. Hugs på at ein lettare kan ”trigge” disse laga der snødekket er tynt, altså på- eller i nærleiken av ryggar og konveksar i terrenget.

Himmelretning med best skiføre:

Det har vore veldig fint skiføre den siste tida, spesielt i ytre del av regionen. Altså for Kvinnherad sin del. I skrivande stund regnar det høgt til fjells, noko som vil fukte snødekket opptil mildvêrsgrensa. Med vêrmeldingane for den neste tida i tankane, så vil ein då få attfyrsing på natta, men tining på dagen. Ein kan difor få fint sløsjføre, om ein bereknar nedkøyringa si. I høgda vil ein nok finne tørrare snø, men for å finne det må ein truleg over 1000-1100+ moh, mogleg høgare.

Følg med varsom.no/Hardanger for skredvarsel for region Hardanger.

God tur, god påske, og vel tur etter evne!

Ingen skam å snu

Tekst og foto: Cato Leganger / Rosendal Fjellsport