Vårskitur i sola

Snø - og førerapport pr 23.mars 2023

rose

Førre veke var ein særs aktiv periode med omsyn til skredaktivitet. I enkelte deler av regionen så vart det sagt at det sjeldan har vore observert så mange skred. Noko som ikkje er veldig overraskande med tanke på korleis snødekket etter kvart vart sjåande ut. Det er, som tidlegare nemnt, i kalde og klare periodar ein typisk får danna disse vedvarande svake laga i snødekket, som også prega skredsituasjonen førre veke. Det som gjorde situasjonen ekstra hissig var at vi fekk nysnø og vindtransportert snø over det/dei svake laga. Allereie då hadde vi utfordrande forhold. Situasjonen vart ikkje mindre krevjande då mildværet slo innover regionen på fredagen, noko som førte til at det gjekk skred av mange forskjellige typar, både i fjellet og mot veg. Med den typen vêr vert det ein rask auke i skredfaren, før det etter kvart roar seg ned, spesielt om temperaturen falle. Noko den gjorde på sundag.

På tysdag bar snødekket i større grad preg av attfrysing, iallfall opp til sirka 1000 moh, men like fullt var det svake laget overraskande intakt, om enn med litt mindre «futt» enn tidlegare. Det fører til at det framleis heng att i skredvarselet, og følgjeleg er noko vi absolutt bør ha i mente frametter, trass i at mange bratte heng allereie har gått ut. Utover tysdag og onsdag slo det igjen over til mildvær, noko som fører til ein relativt fuktig snødekke opp til sirka 1000-1100 moh, per onsdag kveld. Over denne høgda kan ein nok finne tørrare snø, men varierande mildværsgrense fører til variasjon i regionen. I følgje vêrmeldinga så skal temperaturen falle mot laurdag og sundag, så er vi heldige så tek skiføret seg litt opp i lågareliggande terreng også. Det er likevel ikkje til å legge skjul på at vi går mot vår, eller rettare sagt, det er vår. Iallfall i følgje kalenderen. Det ekskluderer nødvendigvis ikkje at det framleis kan koma tørrsnø og pudder, for det kan fort falle mykje snø enda, men det fører også til at vi snart kan byrje å tenke på å køyre vår-sløsj. Noko som kan vere minst like kjekt som tørr laussnø.

Vår-sløsj
rose

Ein kan alltids håpe på ein ny runde med tørrsnø, men vår-sløsjen er like rundt hjørna, og den kan gi minst like godt skiføre som ein kald pudderdag.

Foto: Rosendal Fjellsport

rose

Skiføre frå høgde:

Det varierer ein del, avhengig av kor i området du er, men du kan finne ok skiføre frå sirka 500-600 moh og opp, men merk at her er det stor variasjon. Litt lågare nokre plassar, ein del høgare andre. Spesielt på dei mest fjordnære fjella, må ein eit stykke opp i høgda for å finne samanhengande skiføre. I Fjellhaugen kan ein ta på ski ved parkeringsplassen.

Himmelretning med best skiføre:

Opp til mildværsgrensa vil snøen vere relativt blaut i alle himmelretningar. I høgda, der nedbøren fell som snø, så vil ein få vindtransportert snø. Vindretninga skal variere litt, men primært frå sør. Då er det gjerne avblåst mot sør, samt relativt ferske flak mot nord. Det kan føre til at ein kan finne meir ubunden snø i tilgrensande sektorar. Gjerne mot aust og vest, men her spelar lokale forhold inn.

Korleis vêret utviklar seg dei neste dagane er avgjerande for korleis snødekket ser ut til helga. Det skal vere litt vind onsdag og torsdag, før det stilnar av litt. Det skal vere relativt mildt på dagtid, og litt lågare nattemperatur. Er vi heldige så kan ein få litt snø seint torsdag og fredag, over ca 700-800 moh, men vêrprognosane er litt usikre.

Primært skredproblem:

I skrivande stund så er det nedføyka kantkorn, altså dette nedføyka vedvarande svake laget, som er det primære skredproblemet. Dette kan framleis finnes i alle

himmelretningar, frå sirka 800 moh og opp. I tillegg så vil vi få utfordringar med fersk vindtransportert snø over mildvêrsgrensa. Dette må følges med på inn mot helga.

Følg med på https://varsom.no/snoskred/var... for oppdatering av skredvarselet. Her finner du ofte lokale meldingar som kan gi ein peikepinn på status på skiføret. Hugs på at skredfaren kan endre seg veldig fort. Vel tur etter evne, og hugs på at det er ditt eige ansvar å vite kvifor det er trygt akkurat der du skal på tur! Eit lite tips på tampen er at ein kan laste ned varsom.regobs appen. Her får ein tilgang på kart, der både lausneområder og utløpssoner for skred kan merkes av. Særs nyttig og til god hjelp i planlegginga og gjennomføring av turar. I tillegg kan du registrere observasjonar. Om du ser at det føykar på toppane, så er berre det gull informasjon å få inn. Ser du ferske skred eller anna, så er det enda betre. Appen er relativt sjølvforklarande, og den finnes i både forenkla utgåve og litt meir avansert. Og her er det viktig å hugse på at alt av observasjonar er nyttig.

God tur! 


Tekst og foto:
Cato Leganger, Rosendal Fjellsport

Fint driv