Snørapport 27.03.2025
Som dei fleste nok hatt fått med seg så har det vore ein snøfattig vinter i år, og no som vintermånadane offisielt er forbi, så må ein prøve å ta til seg det som vårmånadane byr på av skikøyring medan det framleis er mogleg.
Vinteren 2024-25 går nok ikkje inn i minneboka som den mest snørike, men for dei som er glad i ski og som ikkje er altfor kravstore når det gjeld føre, og ikkje bryr seg så mykje om ein må gå med skia på sekken eit stykke, så har det vore ein heilt grei vinter. Den har korkje vore god eller heilt elendig. Ein del alpinanlegg vil nok vere ueinig med det, men vi bur lukkelegvis sånn til at det ikkje er så langt til Røldal skisenter. Dei har også betrakteleg mindre snø enn kva som er vanleg, men det har like fullt vore særs mange gode skidagar å oppspore der, og sesongen er ikkje over enda. Både mars og april kan framleis gi pudderføre. Om ikkje så gir våren vårsløsj, noko som kan vere minst like bra.
Så korleis er stoda i fjellet her lokalt?
I fjellheimen vår er det som nemnt lite snø, men ein kan finne heilt fint skiføre rundt Omnatind og nabotoppane. Dei vanlegaste innfartsårene til disse fjella, anten via Myrdal og Nipeskar eller via Muradalen og Andersfjell fører med seg ein del bæring av skia på sekken. Det enklaste er nok Myrdal og Nipeskar. Her kan du trass alt køyre opp til Myrdalsvatnet, og følgjeleg så sparar du nokre høgdemeter samanlikna med Muradalen. I Nipeskar så må du bere skia til rundt 850 moh, og her ifrå finner ein samanhengande skiføre like til topps på Omnatind. Det er også fint mogleg å ta seg vidare til nabotoppane. Ruteval ned frå Omnatind går anten via den same vegen ein kom opp, eller ein kan svinge seg eit stykke ned mot Øvre Myrdal. Ein kjem ikkje ned i botn på dalen då det er lite snø her, men ein får litt ekstra skikøyring om ein legg ruta i retning dalbotn.
Nabotoppane
Det er også mogleg å gå på ski til til dømes Hestabotnpynten, men det er meir avsmelta her, og følgjeleg hakket meir kronglete å gå til. Det same gjeld Gygrastol, med utgangspunkt frå Ænes. Her må ein gå nesten opp i gryta før ein kan ta på ski, og den øvste delen er nok litt brattare enn vanleg då det er mindre snø, men om ein vil bere ski litt så er det eit alternativ om forholda tillet det.
For dei ivrigaste så er det framleis eit slags skiføre på Ingahogg, men ein må bere skia til toppen av skiheisen, og litt til. Det var iallfall status sist helg, så spørs det korleis denne vekas mildvêr har jobba med snødekket. Ein klarar å knote seg opp mot toppen om ein bere skia forbi nokre snølause parti. Dei ulike nedkøyringane ned frå toppen har heilt grei dekning. Felles for alle dei tre sistnemnte toppane er at dei har betrakteleg mindre snø enn normalt, og følgjeleg vert det meir gåing på beina og mindre skikøyring.
Blådalen
Etter kvart så vil ein kunne reise innover Blådalen, og kjente toppar som Blådalshorga og Sandvasshorga vert tilgjengelege. Det er heller ikkje her så veldig mykje snø, men ein kan gå på ski frå bilen, og det er ikkje verst. Sist helg, under Rosendal skifestival så var Sunnhordland kraftlag (SKL) så greie at dei sponsa brøyting og gav spesialdispensasjon slik at ein kunne få gjennomført festivalen. Ei stor, stor takk til dei, for utan dei alternativa så hadde det vorte vanskeleg å få gjennomført skihelga. Men det står framleis att ei tid før vegen vert opna. Når den tid kjem så vil det nok verte annonsert, men inntil des så får ein smørje seg med litt tålmod og heller feste skia på sekken og gå. Eventuelt får ein reise innover i regionen, i retning Seljestad, Røldal og Haukeli. Her er det mange moglegheiter for ski frå bilen.
Skredfaren
Mange tenker nok at det er lite snø og følgjeleg så er ikkje skredfaren spesielt stor. Det er ikkje alltid sånn. Når det er lite snø så kan det fort danne seg hissige skredproblem, og om du er på feil plass så kan konsekvensane verte store, så ver varsam.
Dei siste dagane har det vore ein del regn, og fram mot helga skal det falle ein del nedbør, spesielt fredag. Det vil truleg regne relativt høgt til fjells, og følgjeleg så kan det smelte enda meir snø og grensa for samanhengande skiføre vil difor kunne flytte seg høgare. Lukkelegvis er det meldt snø i høgda, men då i kombinasjon med tilstrekkeleg mykje vind til at ein kan risikere ustabile flak av vindtransportert snø.
Følg med på varsom.no/hardanger og vel som alltid tur etter evne. Og hugs på at det er eit regionalt varsel, men ein kan iblant finne observasjonar som kan vere relevante for den turen du har tenkt deg på.
God tur!
Tekst/foto: Cato Leganger