Skitur foto cato leganger

Påsken nærmar seg med stormskritt, og sjølv om påskefjellet kanskje ikkje ser heilt ut som det ein håpa på, så er det fint mogleg å finne skiføre både lokalt og regionalt.

rose
10.04.2025
rose

For dei mest kjente toppturfjella i området, anten det er Omnatind, Gygrastol, Geitadalstind eller andre så er fellesnemnaren at ein må bere ski på sekken eit stykke. Det varierer litt, men ein må fort opp i rundt 800-900 meters høgde før ein kan ta på ski. I høgda, over rundt 1000 moh, så er det grei mengde med snø, så om ein fyrst har kome seg opp så er det fint mogleg å «lapse» litt, altså gå eit par rundar opp og ned.

Pa veg mot Sandvasshorga veke 13
rose

For skiføret sin del så er ofte «timing» viktig når det er så seint på sesongen, men det er avhengig av at det vert sol på dagtid og utstråling og frost på natte. Per no så tyder vêrprognosane på at det vert ei mild påske, overskya vêr og uttrykk for litt nedbør. Mest truleg vil nedbøren falle som regn relativt høgt til fjells, spesielt inn mot dagane neste helg, men prognosane endrar seg så det kan fort endre seg til sol og «påskeslusj». Det er framleis litt tidleg å sei noko konkret om vêret, så det er lov å håpe at det vert sol.

Gygrastol 9 4 25 cato leganger
rose

Blådalen

Det positive er at Sunnhordland kraftlag (SKL) ser ut til å opne bommen innover Blådalen frå fyrstkomande fredag, altså 11.04. Det opnar opp eit lenge etterlengta skiterreng. Det er jo alt ein del som har vore innover, men no opnar det altså for allmenn ferdsel. Det er viktig å presisere at det er på eiga ansvar, og når ein byrjar å kome innover dalane mot Folgefonna, og det er meldt nedbør, så må ein vere obs på at det kan falle som snø. Hugs difor å også køyr etter forholda, og parker gjerne slik at det er plass til fleire.

Pa veg mot sandvasshorga i bladalen cato leganger
rose

Når vegen opnar så vil ein kunne ta på ski ved bilen. Fjell som Blådalshorga, Sandvasshorga m.fl. kan by på fin skikøyring om ein vel rett tidspunkt for turen. Hugs på at dei nordvendte sidene gjerne har skareføre, spesielt om det er klarvêr. Men om vêret blir som dei melder per i dag, så kan det fort verte våt laussnø heile vegen.

rose

Skredfaren

Sjølv om skredfaren i Sør-Noreg har lege jamt på faregrad 1, så må ein vere bevisst både sporvalg opp og ned på turen. I solvendte formasjonar så kan det fort løsne våte laussnøskred, og på denne tida så er skredmassane gjerne ispedd stein, jord og is. Hold difor avstand til klipper. Stein som har falt ned og ligg på snøen er tydeleg teikn på at det kan vere aktivitet i fjellsida over deg. Eit døme på dette er normalruta opp Blådalshorga.

Det er også ein del intakte skavlar i fjellet. Disse er vanskeleg å forutsjå kva tid dei vil falle ned, og dei løsnar gjerne på skrått innover, så sjølv om du står litt innforbi kanten så kan du trekkes med om dei kollapsar. Det er difor lurt å holde ekstra god avstand til kanten.

Sjølv om det ikkje forventes større skred per dags dato så kan det endre seg. Mykje regn er med på å svekke snødekket. Og sjølv små skred kan generere nok kraft til å dra deg med. Ver difor ekstra varsm i- og rundt terrengfeller. Små våte laussnøskred som løsnar i bratte formasjonar høgt i terrenget kan også generere ein del massar om det går langt nok.

Per no så er det ikkje venta dei heilt store utslaga i skredfaren, men følg med på varsom.no/hardanger for utviklinga. Og som alltid, vel tur etter evne!

God tur og god påske!

rose

Tekst/foto: Cato Leganger