Vår i fjellet.
Varmen har sett sitt preg på fjellet, og følgjeleg byrjar det å minke på skiføret. For entusiastane er det likefullt nok snø til at ein framleis kan få mange fine skiturar i tida som kjem.
Våren har for lengst festa grepet, og snødekket tæres gradvis ned. Vi er inne i ein periode som er veldig typisk vår. Det er sol, varmt og fint om dagen, men når sola går ned så fell temperaturen og det vert relativt kaldt. Spesielt i fjellet. Det fører til at snødekket frys igjen om natta og tiner opp om dagen, spesielt i formasjoner der sola får tak.
Det har smelta relativt mykje snø i fjella den siste tida, og spesielt sørsidene har mista ein del masse. Det er likevel heilt fint skiføre for dei som enda ikkje har lagt vekk skia, og jo lengre inn fjellheimen ein kjem, jo meir snø ligger det.
For «Rosendalsalpane» så er Omnatind framleis det sikraste valet om ein skal velje tur. Ein må bere skia på sekken eit godt stykke opp i Nipeskar, men det finnes heilt fint føre vidare og opp mot toppen. Om ein kombinerer det med å sleppe seg ned i Øvre Myrdal, frå toppen av Omnatind, så får ein også litt ekstra skikøyring. Det er også fint mogleg å gå til nokre av nabotoppane, men der har det minka litt meir på snøen.
Rundt Fjellhaugen og Blådalen så er det også skiføre, sjølv om snødekket i områda rundt Fjellhaugen tæres fort ned. Torsdag var det mogleg å ta på seg skia nær toppen av skitrekket, og det vil nok vere mogleg ei tid til. Då har ein moglegheit til å gå normalvegen mot Ingahogg eller via sørsida. Tek du ein rundtur så får du ein fin og god tur der du kan time nedkøyringa litt etter sola si påverknad på snødekket.
Om ein har ynskjer om å kome seg lengre innover i Blådalen og til klassiske vårski-fjell som Blådalshorga og Sandvassghorga, så er framtidsutsiktene usikre. Bommen innover dalen er framleis låst, og Sunnhordland kraftlag, som sit på nøkkelen, er diffuse i kommunikasjonen om dei tenker å opne eller ei.
Gygrastol er eit anna populært fjell, og det ligger framleis snø tilstrekkeleg til å få ein heilt ok skitur. Men ver obs på at fjellsida er dels undersolt, og følgjeleg tek det litt tid før den mjuknar opp. Det kan difor vere ganske hardt her tidleg på dag.
Skredfaren
Det er stabile forhold lokalt, og som nevnt er det typisk vår. Det fører til at snødekket er hardt om morgonen, og spesielt nordsidene og meir undersolte formasjoner er harde. Det er difor lurt å ha med stegjern eller skarejern om du skal ferdes i den type formasjoner. Her er utglidingsfaren vel så stor som skredfaren. I formasjoner der sola tidleg får tak så tiner det fortare opp. Her kan det losne våte laussnøskred. Og sjølv om dei fleste antas å verte små, så kan dei vere tunge og seige, og følgjeleg kan dei fort dra deg med. Ver difor obs på det, og spesielt om du befinner deg i nærleiken av terrengfeller. Det kan til dømes vere klippeformasjoner som ein kan bli dratt utfor. I høgfjellet er det ein del skavlar som framleis er intakte. Hold god avstand til dei.
Følg elles med på varsom.no sine nettsider. Leit deg fram til region Hardanger og bruk det som eit hjelpemiddel i turplanlegging di. Sjølv om forholda er ganske stabile akkurat no, så kan skredfaren igjen auke.
Og som alltid, vel tur etter evne. God tur!
Tekst/foto: Cato Leganger