Visit

Snørapport veke 6

Vil du ut på ski i finêret i helga?

rose

Vinteren vil framleis ikkje få skikkeleg fotfeste i vår del av regionen. Dessverre for dei som er glade i ski og den slags. Lukkelegvis er det ikkje så langt å reise til godt skiføre. Om ein dreg innover mot røldalstraktene, så finner ein godt skiføre, og vel så det.

Men kva er status her i ytre del? Runden med mildvêr gjorde ikkje godt for snødekket. Det som allereie var eit sparsamt snødekke, vart enda litt meir tært ned. Etterpå så har det falle litt nysnø, stadvis ispedd litt vind.

For dei som er førebudd på å gå ein del på beina med ski eller brett festa på sekken, så er det mogleg å finne eit slags skiføre oppover mot Omnatind, men det sparsamt. Per i dag så vil eg anta at ein må gå til rundt skoggrensa. Frå der er det mogleg å sikk-sakke seg oppover, men merk at det er mykje stein framme i dagen. Det gjeld også vidare oppover mot siste kneika opp mot toppen. Om ein vel å ta turen, så kan det vere lurt å ha med skarejern eller stegjern i tilfelle vinden fekk tak her og det er avblåst til nedpå skaren.

20250206 154551
rose

Etter rapportane å døme så står det heller ikkje så bra til i Fjellhaugen når det gjeld tur på alpine turski eller liknande. Om du derimot vil freiste lukka med langrenn, så er det mogleg i øvre del av løypa.

IMG 9203
rose

Skredfaren

Med så lite snø så skulle ein tru at det ikkje var rare skredfaren, og det er ein del sanning i det, men der det faktisk er skiføre så må ein vere litt observant. Forut for mildvêret så danna det seg godt utvikla rim i overflata. I lågareliggande terreng så vart dette øydelagt av mildvêret, men høgare i terrenget så kan det ha overlevd, mogleg med ein liten mildvêrsskare over. Om dette laget har føyka ned etterpå så kan ein ha eit aktuelt skredproblem som ein må handtere. Kva himmelretningar det er aktuelt i er avhengig av vindretningen før- og etter mildvêret. Sjå etter flak av fokksnø. Er det skare framme i dagen, så er det nok ikkje skredproblemet aktuelt, men desto kjipare er skiføret.

Så vi får håpe at det kjem litt snø frametter. Vêrprognosane den neste veka tyder på sol og kaldt vêr.

Følg med på varsom.no/hardanger for oppdaterte skredvarsel. Og som alltid, vel tur etter evne!

God tur, anten det er til fots eller på ski.

rose

Tekst/foto: Rosendal Fjellsport/Cato Leganger