20240308 123102

Status i fjellet per 25. april

Det er ikkje så mykje endring i fjellet med omsyn til skiføret, men det kan vere greitt med ein liten oppdatering på kva som er mogleg å få til av skiturar med omsyn til tilkomst.

rose

For dei av oss som framleis ser for seg ein del turar på ski, så vil det frametter vere gode moglegheiter for det. Sjølv om det ikkje heilt ser ut som på fyrste bilete, så er vi inne i ei tid som kan by på triveleg skikøyring på stabile forhold og med litt varme i lufta. Vinteren har vore lang, vindfull og både våt og kald, så det at vi no er inne i ein relativt varm periode kjennes godt. Og sjølv om det byrjar å verte nokre meter å gå med ski på sekk til dei mest populære toppane, så opnar det seg opp nye moglegheiter, mellom anna rundt Folgefonna der dei i disse dagar held på å brøyte fram og klargjere skisenteret til det som vert sesongstart for dei.

20240309 1339260
rose

Blådalen

I følgje Sunnhordland kraftlag så er vegen innover Blådalen i ferd med å verte brøyta, men den vert ikkje opna for allmenn ferdsel innom Ågotelv før anleggsområdet er rigga ferdig og møteplassar er brøytt opp. Som kjent så vil det frametter gå føre seg anleggsarbeid der inne. Per i dag er det ikkje sett noko tidspunkt for opning av vegen, men det vil truleg gå nokre veker til. Det vil til tider vere stor pågang av anleggstrafikk, og dette vil gå utover parkeringsmoglegheitene innover vegen, når den opnar. Dette må ein ha i mente om ein skal innover der på ski i tida som kjem. Vis omsyn!

20240424 124018
rose

Sjølv om Blådalen framleis er stengt så er det andre moglegheiter i området. For dei ivrigaste så er det framleis fullt mogleg å finne framifrå vårskikøyring rundt Ingahogg. Det byrjar naturleg nok å verte litt tynt i nedste del rundt skianlegget, noko som bileta her syner, men det er greitt med snø i ulike himmelretningar rundt toppen. Føret er litt standard vår. Enn så lenge så frys det til på natta, og det er følgjeleg hardt tidleg på dag før sola får tak. Dei formasjonane som ligg i skuggen utover dagen vil ta lengre tid før dei mjuknar opp. Ein kan følgje sola, og prøve å «time» skiføret etter det. Er du for tidleg så er det hardt, men er du for seint så er det gjerne bløtt og det luggar.

20240422 110015
rose

Rosendalsalpane

For dei som synes det er greitt å ha skia på sekken eit stykke, så er det framleis fine forhold rundt Omnatind og nabotoppane. Ein må gjerne bere skia til rundt 700 moh, stadvis høgare, men den børa høyrer litt til det å drive med vårskikøyring. Iallfall for oss som held til her langs fjorden. Når ein fyrst kjem seg litt opp i høgda, så er det framleis bra med snø. Det gjeld både Omnatind så vel som på nabotoppane.

Vêret vil variere, som det vanlegvis gjere, og frametter så er det meldt snø i høgda til helga, medan det ser ut som at starten av mai vert veldig varm. Vêrmeldinga for neste veke syner dagtemperaturane på 20-talet på dagtid, samt relativt varmt på nattestid ved fjorden, og det fører nok til at det ikkje frys på i like stor grad på natta høgare oppe.

20240327 111917
rose

For skredfaren sin del, så er vi inne i ein relativt stabil periode. Det er ikkje uvanleg at vi får litt tørrsnø i både april og mai, spesielt i høgda. Det er likevel ein periode som er prega av vårlege forhold, noko som også vil prege statusbilete vidare frametter, men hugs på at det kan vere lokale forskjellar, og skredfaren kan endre seg sjølv om vi er nærmar oss sumar. Og om du skal bedrive bratt skikøyring, så ver obs på at sjølv små skred kan generere nok kraft til å få deg i ubalanse, og om du er i eksponert terreng, med høge klipper under deg, så kan du fort verte dregen med. Følg med på varsom.no/hardanger for tips siste del av sesong.

God tur!

rose

Tekst/foto: Rosendal Fjellsport/Cato Leganger