Omsider pafyll av sno

Status snødekket 13.02.2026

Omsider påfyll av snø.

rose

Det har vore ein treig start på sesongen for dei som er glade i turar alpine turski, iallfall om ein skal sjå på det med kortreiste, lokale auger. Lukkelegvis ser det ut til å snu litt no.

rose

For ytre del, altså fjelltraktene vest-sørvest for Folgefonna, så er det eit tynt snødekke som pregar fjellheimen. Siste skikkelege snøfall var rundt årsskiftet, og etter det har det stort sett vore kaldt, tørt og relativt mykje vind. Det har vore generelt lite snø, og snødekket har vore sterkt prega av kulde og mykje vind.

Det har vore heilt greie forhold for turar på fjellski, mellom anna til Nautavatnet. Men for dei som likar topptur på alpine turski, så har det vore litt meir utfordrande å finne gode forhold.

Utsikt Ingahogg
rose

Skiføret til no

Det finnes skiføre om ein legger godviljen til, mellom anna rundt Fjellhaugen og tettare på Folgefonna, men det er stort sett hardt. Det gjeld også for Omnatind og andre toppar i- og rundt «Rosendalsalpane». Utglidningsfaren har stort sett vore høgare enn skredfaren, og det seier ein del.

Generelt kan ein sei at der vinden har fått tak har det vore avblåst til nedpå mildværsskaren, medan det i enkelte formasjonar kan finnes mjukare fokksnøflak, mest aktuelt mot sørvest-vestvendte formasjonar. Så om ein legger godviljen til, og ikkje har spesielt store krav til godt skiføre, så kan ein linke saman ein heilt grei skitur per fredag i veke 7.

Fjellhaug
rose

Vêrskifte på gang

I skrivande stund, fredag 13. februar, så ligger det an til ein kjærkomen endring i vêret. Det har så smått byrja å snø litt, og siste døgnet har det falle nokre få cm med snø. I følgje vêrprognosane skal det potensielt falle rundt 30 cm snø dei neste par dagane. Er ein heldig så kjem det meir. Det er uansett kjærkomen tilføring av snø på eit tynt snødekke, men det kjem ikkje utan ein bismak.

Snoforhold
rose

Skredfaren

Det har vore generelt stabile forhold til no, og på vår side av Folgefonna så har manglande snø ført til låg skredfare. Men det er ein gong slik at når forholda har vore som no, så svekker snødekket seg, og ein får utvikla fleire skjøre, svake lag. Til no så har det mangla overliggande flak til å gi skredfare av litt meir betydning.

Dei siste dagane har det i tillegg danna seg rim i overflata. Dette snør ned i skrivande stund, og vil kunne utgjere eit potent skredproblem om vi får tilstrekkeleg pålagring av flak over. Vinden, frå aust-søraustleg retning, skal ta seg opp sundag ettermiddag, i kombinasjon med nedbør som snø. Dette vil gi pålagring mot nordvest og tilgrensande himmelretningar med noverande vêrprognose. Det vil altså legge seg opp ustabile fokksnøflak som vil kunne lausne naturleg. Ein må difor vere svært forsiktig. Formasjonar med best skiføre samanfalle med himmelretning kor det er mest potent skredproblem.

Gygrastol
rose

Varsom

På Snøskredvarslinga sine nettsider kan ein finne region Hardanger. Her kan ein finne informasjon om skredfaren regionalt sett, men ein kan også sjå rapportar frå andre turfolk som har vore ute, og er ein heldig så kan det vere nokon som har vore ute på tur der du tenker å gå. Ein kan difor få god informasjon til eiga turplanlegging. Men hugs på at det som vert publisert er eit regionalt varsel, og lokale forskjellar vil førekoma. Det er ingen fasit, men eit hjelpemiddel slik at du kan ta så gode avgjersler som mogleg, både før, under og til framtidige turar. Vel tur etter evne.

Far varsamt, og god tur!

rose

Tekst/foto: Cato Leganger