20200425 125626

Sumartemperatur og snøsmelting

Måten mai månad byrjar på, med høge temperaturar og mild vind, fører til at snøsmeltinga intensivere seg. Det kan fort føre til at det innan kort tid vil verte enda lengre å gå med ski på sekk til samanhengande skiføre.

rose

Dei siste dagane i april baud på både vind og regn, og inngangen til mai gav relativt hurtig stigande temperatur. Varm vind, høg temperatur og regn er oppskrifta på å smelte snø raskt, og dagane inn mot helga og dels gjennom helga vil nok føre til at snøgrensa vil flytte seg høgare relativt raskt. Neste veke er det i tillegg meldt regn høgt til fjells, så for dei som framleis klorer seg fast i vårskikøyring så er det lurt å nytte høvet tida frametter.

Dei høge temperaturane, og eventuelt i kombinasjon med fråvær av klarvêr, kan fort strekke seg gjennom natta også høgt til fjells. Det fører til at snødekket vert vått frå morgonen av, og følgjeleg vert skiføret redusert. Ei våt overflate kan fort lugge mykje i skia, så det er viktig å stille med godt preppa ski. Det kan hjelpe litt på. Og det er også viktig å «time» skituren. Om du er for seint på dag i formasjonar som har vore eksponerte for sol i mange timar, så vil du få bløtt føre. Skredfaren aukar også om du ventar for lenge. Om ein til dømes tenker å ferdes i sørsidene, så bør du ikkje vere ute seinare enn klokka 12.00 slik stoda er no. Men denne oppskrifta, og kva som er fornuftig å gjere, vil verte påverke av vêret

20200425 153635
rose

Men for dei som vil så er det framleis fint skiføre å finne. Om ein vil på Ingahogg så er det tynt skiføre rundt skitrekket, men om ein synes det er greitt med å knote litt av og på med ski, eller ha skia på sekken litt, så er det fint mogleg å finne bra skiføre der. Det same gjeld Omnatind og nabotoppane. Her må ein nok opp i 700-800 moh før ein kan ta på seg skia, men med tanke på at ein kan køyre inn til Myrdalsvatnet, som ligger på sirka 370 moh, så er det ikkje så avskrekkande.

rose

Blådalen

I følgje Sunnhordland kraftlag så er vegen innover Blådalen no opna. Det er per i dag brøyta til Blåfalli 4-kraftverket, altså ikkje heilt opp til Møsevatnet. Dei informerer også om at det innom Blådalsdammen er ganske høge brøytekantar og følgjeleg avgrensa moglegheiter for parkering. Dei oppmodar difor folk om å unngå å parkere i nærleiken av anleggsområdet i Midtbotn då det også utanom normal arbeidstid vil vere anleggstrafikk i området. Ha difor dette i mente om du skal på tur her.

IMG 3965
rose

Skredfare

Slik stoda er per i dag så styrer sola skredfaren, og den vil variere gjennom døgeret. Det er relativt typisk vårlege forhold, der våte laussnøskred av ulik storleik er den mest aktuelle faren. Det er også fare for glideskred, så ver obs på ferdsel under heng som har glidesprekker. Disse skreda er særs uforutsigbare og følgjeleg vanskelege å forutsjå. Følg med på varsom.no/hardanger for tips. I tillegg til tips så kan du også finne informasjon frå andre som har vore ute på tur. Om du er heldig så kan du kanskje finne fersk informasjon frå akkurat den turen du har tenkt deg på.

God tur!

rose

Tekst/foto: Rosendal Fjellsport/Cato Leganger