20240308 135117

Vår i fjellheimen

rose

Vi er godt inne i det som vert rekna for å vere vårmånadane, og det merkast både i form av meir ljos, mildare vêr og for dei av oss som er glade i å stå på ski; høgare snøgrense.

Våren har igjen sigra over vinteren. Livet returnerer til fjellsidene i form av gryande bløming, yrande dyreliv og sildrande vatn. Men som årstider flest så har også våren ei dynamisk tilnærming til form, farge og lynne. Inneverande veke har bydd på regn, og vil framleis gjere det per torsdag, men i løpet av helga skal det nok ein gong verte litt kaldare og nedbøren går over til snø. Truleg, i den grad ein kan stole på langtidsvarselet, vil ein då få snø lågare i terrenget. Der det er bart per i dag vil det ikkje ha noko å sei, men om du oppsøker terreng med eksisterande snødekke, så kan det bli ganske greitt skiføre.

rose

Fint i indre strøk

Det byrjar å verte relativt lite snø under sirka 1000 meter over havet, men om du oppsøker dei rette formasjonane, så kan du framleis finne samanhengande skiføre frå rundt 500 moh. Rundt Omnatind så vil det, som du kan sjå på bilete, vere samanhengande skiføre frå litt over skoggrensa. Naturleg nok med aukande mengde jo høgare opp du kjem. Her vil du finne greitt med snø frå Omnatind og ned mot Øvre Myrdal. Nordvendte formasjonar har samla ein del vindtransportert snø gjennom vinteren. Dei sørvendte og tilgrensande formasjonane byrjar å verte meir avsmelta, naturleg nok med omsyn til at dei i større grad er eksponert for sola sine varme strålar.

Rundt Fjellhaugen så er det framleis eit slags skiføre ved skisenteret. Det byrjar å verte litt lite nedst, men det går greitt å gå seg ein tur. Enkelte nedkøyringar rundt Ingahogg gir framleis greitt skiføre om

du vel rett tidspunkt – og så lenge det ikkje har regna altfor mykje. Rett tidspunkt vil typisk vere om det har vore kaldt på natta, og snødekket er att frose. Ventar du til litt utpå dagen, så vil det vere fin vårsløsj i solsidene. Men ver obs på at om du ventar for lenge så vert snøen fort roten, noko den også vert ved for mykje regn. Her handlar det om å følgje sola og prøve å «time» det rett med omsyn til når du går opp og når du køyrer ned. Det er ein fin liten «soldans» å praktisere no når det er vår.

1000011904
rose

Foto: Rosendal fjellsport
Bilete teke mot Nipeskar tidlegare i veka. Regnet som fall torsdag vil no ha prega snødekket enda meir, men du kan nok finne samanhengande skiføre frå rett over skoggrensa.

1000011913
rose

Foto: Rosendal fjellsport.
Bilete mot Hestabotnpynten. Trass i at det generelt er litt lite snø så vil du finne fin skikøyring, spesielt i indre deler av fjellheimen.

rose

Blådalen

I følgje Sunnhordland kraftlag sine informasjonskanalar så skal dei i disse tider brøyte innover mot Blådalen. Det skal også gå føre seg anleggsarbeid, så det er litt usikkert i kva grad det vert framkomeleg. Her må du inn å sjå på oppdatert informasjon, samt følgje skiltinga som vert sett opp. Skiføre her er litt usikkert, men du vil nok finne tilstrekkeleg skiføre også her ei stund til.

Gjennom vinteren så har det totalt sett falle bra med snø, men som følgje av 6-7 rundar med mildvêr like til fjelltopps høgde, så er det generelt ikkje så mykje snø i fjellet. Men trass i situasjonen, så er det- og vil det framleis vere mykje fin skikøyring å oppsøke frametter. Og sjølv om ein etter kvart må ha skia på sekken ei stund, så er det framleis verdt det. Kombinasjonen av tidlege og morgonfriske morgontimar, sildrande bekkar, rypeskvatring, skikøyring, sola som tek og varm lyng å kvile seg i på returen er nærast uslåeleg.

1000010667
rose

Foto: Rosendal fjellsport. Det er framleis greitt med snø i høgda, spesielt i områda rundt Omnatind. Sørsidene, som avbilda her – på veg ned frå Andersfjell – byrjar å verte meir avsmelta.

rose

Skredfaren

Etter kvart som våren har fått skikkeleg feste, så har også skredfaren gradvis gått litt ned, men med enkelte variasjonar. Den lagdelte vintersnøen med dei vedvarande svake laga byrjar å verte eliminert, men det er likevel viktig å vere obs på at det framleis kan gå større skred, om enn ein litt anna type enn det vi må handtere på vinteren. Følg med på skredvarselet på www.varsom.no/Hardanger, og hugs på at det ikkje er ein fasit på forholda, men heller ein liten peikepinn på kva du bør sjå etter. Og om du ser noko som er verdt å formidle, så bruk regobs-appen og legg det inn. All informasjon kan vere gull verdt!

Vel tur etter evne. God tur!

rose

Tekst/Foto: Rosendal Fjellsport / Cato Leganger