20190418 134609

rose

Det er ikkje lenge sidan vi gjekk igjennom ei skikkeleg rotbløyta med mildvêr like til fjelltopps høgde. Tørrsnøen rakk knapt nok å legge seg før vinden tok tak og blåste den av garde igjen- Og no er det ein ny runde med mildvær på gang, men historisk sett så er korkje mars eller april framande for å gi eit godt snøfall.

1000009487
rose

Ein fin vinterdag for kort tid sidan. Med utgangspunkt i Fjellhaugen skisenter, så kan ein få mykje god skikøyring. Foto: Cato Leganger

rose

Vindfull veke

Vinterferie-veka byrja relativt roleg, og følgjeleg hadde vi ganske stabile forhold og fint skiføre mange plassar. Utover tysdagen så tok vinden seg opp, frå sørleg retning, og dei sørlege luftmassane pregar framleis området når vi i dag skriv torsdag. Det har blåse, til dels kraftig, og det har falle ein del nedbør. Kor høgt ein har måtte gå for å kome i kontakt med tørr og fin snø har variert frå deg til dag, men generelt så kan ein sei at snødekket i dag, torsdag, vert regntungt høgt til fjells. Over mildvêrsgrensa så vil ein nok ha pålagring av ustabil vindtransportert snø. Denne vil stabilisere seg relativt raskt.

Om ein skal stole på vêrmeldinga, noko som kan vere litt skummelt og spesielt når det gjeld langtidsvarselet, så kan det sjå ut som at vi går mot ein periode med relativt lite nedbør. Og om ein skal tillate seg å vere litt ekstra optimist, så kan det sjå ut som at vi skal få litt sol neste veke. Då kan det fort verte litt påskestemning i solsidene. Det er litt lite snø i dei nedste delane av dei mest populære toppturfjella, men t.d. Omnatind og nabofjella kan gi bra snømengde og greitt skiføre.

1000009507
rose

Vi får håpe at mars og april byr på liknande forhold som vi hadde for ei vekes tid sidan. Foto: Cato Leganger

rose

Mykje fint skiføre

Som ein liten obs, så kan ein vere litt varsam i bratte nordvendte sider i høgda, over sirka 1100 moh, då det kan ha utvikla seg ustabile lag djupare i snødekket under førre runde med klarvêr. Med vêret som er over oss no, så vil dette nok få ein nedbrytande prosess, men det kan kanskje vere mogleg å påverke dette gjennom stor tilleggsbelastning, t.d. om ein faller på ski. Ein kan også vere litt ekstra varsam i overgang frå tynt til tjukt snødekke, type konvekse formasjonar i terrenget.

Men sjølv om vi har skredproblem som vi må ha med oss i turplanlegginga og når vi er ute på tur, så vil det vere formasjonar som kan gi trygt og godt skiføre. Og er du usikker så finnes det fantastisk terreng å stå på ski og som ikkje er skredterreng, altså om ein held seg vekke i frå losne- og utløpsområder for skred. Bruk gjerne varsom.regobs appen i turplanlegginga di. Her får du gode kartløysingar som gir informasjon om ovannemnte områder. Bruk også www.varsom.no/Hardanger i planlegginga di. Her får du oppdaterte varsel. Hugs på at det er eit regionalt varsel, så det er ikkje sikkert at det som dannar grunnlaget for det som kan vere ein faregrad 3 ikkje er til stades akkurat der du skal på tur. Du må difor lese teksten for her er det ofte presisert litt meir nøyaktig dei regionale og lokale forskjellane. Og er du heldig så kan det vere at nokon har lagt ut ein observasjon frå det området du planlegg tur i. Det kan vere gull verdt.

Og som alltid, planlegg og gjennomfør tur etter evne. God tur!

rose

Tekst og foto: Cato Leganger