Skitur i vintersol

Førerapport pr 26.januar 2024

rose

Mildvêr etter kulde er ikkje oppsiktsvekkande i seg sjølv, men det jojo-vêret som vi har for tida, ja, det kan ikkje vere normalt. Det einaste som er konstant er at det svingar fortare og fortare. Det er til å verte små-galen av.

For all del, dei av oss som er over gjennomsnittet interessert i vêr og korleis alt heng saman, så er det delvis spanande, men det hadde vore utruleg fint med litt stabilt vintervêr, og då tenker eg ikkje berre på vedvarande kulde, men med kvite fjelltoppar og bakkar. Altså eit snødekt landskap som innbyr til skikøyring.

Det var ganske så bra før den siste runden med mildvêr, som kom med vind og store nedbørsmengder i form av regn høgt til fjells. Forut for det var det mogleg å finne fjørlett nysnø frå topp til fjæra. Det er ikkje så ofte eg har fått køyrt pudder like ned til hovudvegen, men det gjekk altså an førre veke. I skrivande stund er det gjennom fukta snødekke relativt høgt opp. I høgda så er det nysnø som per onsdag har byrja å flytte på seg. Dette vil nok stabilisere seg ganske greitt, men det vert nye rundar med vind og nedbør dei neste dagane også.

Andersfjell ved Rosendal
rose

Fram mot helga så er det meldt ein del nedbør, og det skal vedvare gjennom helga. Temperaturen skal svinge litt, men jamt over kjem det til å ligge på plussida relativt høgt til fjells. Det positive er at det iallfall fell som snø i høgda. Dessverre må ein nok over skoggrensa. Det skal også blåse ein del, spesielt fredag og laurdag. Så sant ikkje vêrgudane ombestemmer seg, noko som fort kan skje, så vert det eit sør-søraustleg drag over det når vinden står på som sterkast, noko som vil føre til pålagring mot nord-nordvest. Her må ein følgje med på vêret og kva retning det bles frå. Er ein heldig så kan ein då finne litt meir urørt snø i overlappande og dels skjerma formasjonar. Lokalt så er det høge fjell og dalføre, så lokale vindeffektar og sidelasting av snø kan førekoma. Ein må difor vere obs på at det kan ha lagt seg opp fokksnøflak i fleire himmelretningar enn det som kanskje står på det regionale varselet på www.varsom.no. Men kjenner du terrenget og korleis vinden tek, så vil du finne god snø. Mildvêrsgrensa styrer kor høgt opp du må for å finne tørr snø. Om du nyttar dei ulike vêrstasjonane i området, så kan du finne ut sånn sirka kor høgt mildvêret går, og så kan du planlegge tur etter det.







Det er håp om svingar i tørr og ubunden snø, men ein må gjerne leite litt meir for å finne formasjonar som har det.

Og som alltid, hugs på at skredfaren endrar seg raskt. Følg med på varsom.no for oppdaterte varsel for området.

Minner også på at det er eit regionalt varsel, så lokale forskjellar kan førekoma. Last gjerne ned appen og bruk den, både som registrering, men også i turplanlegginga di.

God tur, og vel tur etter evne!

Tekst og foto:

Cato Leganger, Rosendal Fjellsport

Spor i snøen