IMG 9025

Førerapport pr. 9. februar 2024


rose

Vinteren fortset i same spor med variert vær, men til forskjell frå tidlegare i vinter, så ser det ut til at den siste snøen kan, og her er det viktig å understreke «kan», verte liggande ei stund. For det er ikkje tvil om at den siste vekas snøfall har gjort veldig godt for ein fjellheim som ikkje var spesielt vinterleg etter det valdsame mildværet for ei tid tilbake.

Prima skiføre

Forut for siste snøfall så var det høgst variabelt skiføre i området. Enkelte plassar hadde ein vindtransportert snø som underlag, andre plassar is og skare og andre plassar var det berre stein og lyng. Felles for heile regionen var at mildværet gjekk like til fjelltopps høgde. Og regn på snø som igjen fryser fører til is og skare.

Med det i mente, så vil det vere litt varierande kor mykje underlag laussnøen som har kome har. Stadvis vil det vere heilt prima skiføre, spesielt i formasjonar som hadde vindtransportert snø frå før. Andre plassar vil det vere fint skiføre, men med skare under så kan ein fort gli litt ut om ein legg skikkeleg trykk i svingen. Og andre plassar kan det vere kort veg ned til stein og lyng, så tilpass teknikken etter forholda.

IMG 3748
rose

Vindtransport i helga

Det ein bør vere litt observant på er at det i løpet av fredagen skal dra seg til med ganske kraftig vind frå aust. Det vil nok variere litt kor den tek, men skredfaren vil auke som følgje av at vinden byrjar å flytte på den fjørlette snøen som ligg i terrenget. Det vil då danne seg mjuke eller hardare flak av vindtransportert snø over lausare snø. Truleg mot vest og tilgrensande himmelretningar. Vinden skal vare ved utover laurdagen, så vi vil få ein litt tilspissa situasjon gjennom helga. Følg med på www.varsom.no/hardanger for oppdaterte skredvarsel. Hugs på å laste ned applikasjon «varsom.regobs». Bruk den i planlegginga di og undervegs på tur. Ser du skred eller at det føykar frå toppane, så registrer det gjerne og send det inn. Det er til stor hjelp for andre som planlegg tur i området.

rose

Fjellhaugen skisenter

Noko anna som er positivt er at snøfallet fører til at Fjellhaugen skisenter er i ferd med å re-opne. I skrivande stund så held deira frivillige på å gjere i stand skitrekket til opning, og går det etter planen så vert det opning til helga, og det må ein applaudere! Det er innmari fint at ein har frivillige som vel å bruke fritida si på dugnad. Det er berre å rette ein stor takk til dei, og så får vi andre bidra når tida strekker meir til. Det er vel ei oppmoding til alle andre også. Utan det frivillige arbeidet så stoppar ekstremt mykje opp.

Med gode skiforhold for både dei som vil bruke kroppen som framkomstmiddel og for dei som føretrekk å verte dregne opp, så ligger det an til ei fin helg. God tur, anten du vel truger, snøbrett, bortoverski eller alpine turski.

Og som alltid, vel tur etter evne!


Tekst og foto:

Cato Leganger, Rosendal Fjellsport