Fagnabu
Dagsturhytta i Kvinnherad

Fagnabu

Er du på jakt etter ein relativt enkel tur i vakkert og lettgått fjellandskap, der du kan setje deg innomhus om været skulle slå ser vrangt, ja, då er dagsturhytta «Fagnabu» ved Nautavatnet ein sikker vinnar.

rose

Det er ikkje mange år sidan dagsturhytta Fagnabu i Kvinnherad vart opna, og det er nok ikkje tvil om at det har vorte eit populært turmål, både sumar som vinter. Det er ikkje rart når ein ser på områda den ligger i, tilkomsten og kor fint sjølve hytta er utforma. Tilkomsten med bil til Fjellhaugen og parkeringa er god, terrenget er lettgått og utsikta er fin. Her får du vandre i fint fjellterreng, krysse bekkar, vandre over klopp lagde myrområde, og er du på tur i den varmare delen av året, ja, då kan du gjerne finne deg ein kulp i elva å bade i. Om ikkje kulpane freistar så er det jo mogleg stikke tærne ut i Nautavatnet.

Haust i fjellet

Vi valte oss ein fin og varm haustdag for vår tur. Sola stod høgt på himmelen, temperaturen var god og det var eit lite drag av vind i lufta. Nok til å halde det verste av knott vekke. Trass i at ein veit at knotten har sin funksjon, og vi bør vere glade for at den er der, så er det ikkje fritt for at det er få ting som kan irritere meir på tur enn akkurat dette insektet. Om knotten allierer seg med flugene, så vert det ekstra irriterande, men lukkelegvis så skal det ikkje rare trekken til før knotten vel å setje seg i skjul.

Vi byrja turen med utgangspunkt på nedste parkeringsplassen ved Fjellhaugen skisenter. Her pleier det vere god plass, spesielt på ein kvardag. Fyrste del av ruta går på grusveg forbi hyttefeltet. Det er i grunn berre å følgje skiltinga, men det seier seg litt sjølv kor du skal gå. Etter nokre hundre meter så tek du av ut i terrenget. Stien går vekselvis på god sti og kloppar. Av ein eller anna grunn så har eg alltid tenkt at dette er eit svensk konsept. Altså kloppane. Disse mini-bruene som eldste dottera vår kallar dei. Men det er nok berre på grunn av namnet. Det er liksom eit svensk drag over det. Uansett så er disse bruene geniale og tek deg tørrskodd over myrområda som pregar deler av ruta.

På veg til Fagnabu
rose

Kloppane fører til at du kan gå tørrskodd over myrområda.

Stien stig jamt innover dalen. På sumar og haust så høyrer ein fuglekvitter, sauebjøller og er du heldig ser du eit eller anna vilt i tillegg. Dessverre er det dårlige tider for rypebestanden, så det går langt mellom kvar gong ein ser dei.

Stillheit

Etter kvart som myrdraga vert forsert, så kan ein skimte den karakteristiske forma på Fagnabu, og då veit du at det ikkje er langt att. Når ein rundar over haugen og ser hytta på nært hald, og du løfter blikket og ser utover Nautavatnet, så stilnar all eventuell uro ein har i hovudet. Det er ein fredfull stad å vere. Om du vil så kan du gå innomhus, setje deg ned, lese eller skrive, drikke kaffi eller generelt berre nyte stilla og utsikta. Det er også fint å berre vandre opp på ein av haugane i nærleiken for å nyte det tilsvarande. Uansett er det ei fin oppleving. Den timen vi var der gjekk fort, og før vi visste ordet av det var det på tide å vandre tilbake. Kvardagens mas innhentar ein fort, men lukkelegvis har vi slike små oaser i nærområdet, der vi kan koble litt av og «jorde» oss litt.

Pause i lyngen
rose

Om du vil utforske området meir, så er det fleire moglegheiter, både for rundtur og tur-retur. På finvêrsdagane så er det eigentleg berre å finne seg eit mål, anten det er ein topp eller ein liten haug.

Då er orienteringa relativt enkel, og om du beveger deg utanfor den opptrakka stien, så har du større sjanse for å sjå ville dyr eller få enda meir fred.

Takk for oss.

NB!

Turen er også framifrå å gjennomføre på vinterføre med ski. Meir om det til vinteren.


rose

Turskildring:

Distanse: Sirka 2,7 km ein veg.

Høgde: Hytta ligg på rundt 680 moh.

Tid: Sirka 1 time ein veg.

Vanskegrad: Lett-middels.

Tilgjengelegheit: Ikkje tilgjengeleg med barnevogn eller rullestol.

Parkering: Nedre parkering ved Fjellhaugen skisenter.

Hytta: Det er vedomn, straum og toalett. Det er ikkje lov å overnatte i hytta.

Tips: Hugs på bandtvang. Det er mykje sau i området i sesong.

Fagnabu

Nydeleg utsikt frå Fagnabu