Haust i fjellet

Haust i fjellet

Tida vi er inne i er eit sceneskifte for naturen. Det grøne og fargesprakande vert erstatta av rolegare fargarar. Faunaen er i ferd med å gå inn i ei slags vinterdvale.

rose

Hausten kan gi årets våtaste og suraste turopplevingar, men også dei aller beste og mest minnerike. Når fjellet er i endring, frå grønkledd torv og lyng til meir fargesprakande flora, ja, då er det ekstra fint å vandre av garde. Vandre frå topp til topp, frå haug til haug og frå lyngnabbe til lyngnabbe. Kjenne den friske fjellufta fylle lungene og la stillheita legge seg, både i kropp og sjel.

Den eine veka kan det hølja ned, og ein mistenker at det dagleg vert sett nye nedbørsrekordar, medan det i neste augeblikk kan virke som om at sumaren aldri gjekk i hi. Og sjølv om dei fleste er inneforstått med at det no er haust for alvor, så kan vi framleis få dagar med temperatur rundt tjuetalet. Og då er det ikkje å forakta å ta seg ein tur, anten det er langtur eller ein kortare tur. I fjellet eller på fjorden. I eit dalføre eller på ein topp. Og ikkje minst krydre det med ein god nistepakke, eit lite fjellbål eller å fiske litt.

Hausttre
rose

Himmelsk sky- og fargespel

Dagens tur gjekk mot Nordlifjell i fint haustvêr. Ein liten trekk frå nord gjorde til at eventuelle resterande mygg og fluger haldt seg vekke, kjølig nok til at det var lurt å ha med ei lita dunjakke i sekken.

Eit vatn som svever over fjorden
rose

Tanken var å gå for å sjå om eg såg rype, samt stikke oppom varden på Nordlifjell. Eg har for lengst bestemt meg for at eg i år ikkje skal jakte ryper i år, og no er det kanskje lagt ned forbod mot det også. I så tilfelle er det fornuftig, for det var ikkje mange fuglane eg såg. Korkje på denne turen eller det eg har observert i løpet av sumaren. Det er ei trist utvikling. Lukkelegvis var det mange andre fine augeblikk. Det skal ikkje så mykje til. Ein sildrande bekk eg kan drikke frå. Ein liten kulp som ser ut som at den svever over fjorden, og som kan freiste til eit bad. Eit einsamt tre som har klort seg fast på ein bergnabbe trass i at vind har gjort sitt beste for å slite det ned. Isen som er smelta fram på Folgefonna og som gir ein fin og blåleg farge. Det siste er jo både trist og fin. Litt melankolsk, på ein måte. Eller mjuk lyng å legge seg ned i. Fjellet er fint, også på denne tida av året.

Kledd for jakttid i fjellet
rose

Dagen byrja vakkert. Tilnærma skyfritt, men utover ettermiddagen seig det litt skyer innover fjorden. Det gir ofte eit himmelsk ljos. Eit ljos som eg innbiller meg at dei gamle renessanse kunstnarane ville sett pris på. Har du tid, så kan det ofte lønna seg å avvente å gå heim til utpå kveldinga. Då får du ofte disse fine stundene.

Eit vakkert fargespel på himmelen mot vest. Tilskyande vêr er av og til positivt.

Fargespel på hausthimmelen
rose

For å kome seg til Nordlifjell, så har du mange alternative startpunkt. Du kan starte i Rosendal og gå innover eggen som går frå Skålafjell og like inn til Nordlivarden. Du kan også gå via Myrdal, til dømes via skogsvegen som startar på Bjørke. Då kan du følgje skogsvegen til endes. Etter at du er ved vegs ende, så fortset du ein hundre meter på sti før du tek av oppover fjellsida. Her går det ein gamal skogsveg som du skal følgje oppover. Om du føl den, samt går litt på sti så kjem du opp på den same eggen som nemnt over. Eit anna alternativ er å gå opp skogsvegen på Løfallstrand. I vegdele midtvegs på skogsvegen, så kan du ta av mot Strandasetre. Når du kjem fram til endes på skogsvegen, så kan du anten gå rett opp, og kome opp på eggen, eller du kan følgje sti via Strandasetre og vidare innover fjellet.

Om du vel å legge turen til Nordlifjell, så vil du ikkje verte skuffa. Det er ein relativt lang tur, men terrenget er lettgått. Utsikta er formidabel. Her ser har du panoramautsikt mot fjord, fjell og fonn. Og det er heller ikkje veldig mange menneske her, så om du er på jakt etter stillheit og fred, så kan det vere ein fin stad å gå. Ver litt obs på at vi i skrivande stund er i jaktsesong, så skarpe fargar, anten på caps, jakke eller sekk er lurt.

God haust og god tur!