Malmangernuten

Malmangernuten

Turen til Malmangernuter er ei vandring i nasjonalromantikkens rike.

rose
Malmangernuten, eller “Nuten” som fjellet vert kalla av dei lokale, er ein av dei mest karakteristiske fjella i og rundt Rosendal.
rose


Lengde: 4+ timar tur/retur, avhengig av ruteval.

Høgde: 890 moh.

Nivå: Middels krevjande.

Sesong: Heile året.

rose

Malmangernuten, eller “Nuten” som fjellet vert kalla av dei lokale, er ein av dei mest karakteristiske fjella i og rundt Rosendal. Med sine 890 meter over havet ligger det litt i skuggen av storesøstra, Melderskin 1426 moh, men utsikta langs ruta og ikkje minst frå toppen står ikkje tilbake for noko.

På vegen opp går ein forbi fleire fine utsiktspunkt kor det er fint å setje seg ned for å kunne få litt påfyll av energi frå snackspakken i sekken. Stien er stort sett god, og mellom anna set du beina dine på nesten 600 trappetrinn utforma av sherpaer tilbake i 2016.

Dyrelivet langs ruta kan ofte vere godt. Sauer er ein sikker aktør som ynskjer deg velkomen med bjøller og blekting. Er du heldig så kan du også treffe på hjort, men då må ein ofte byrje litt tidleg på morgonen

Frå Malmangernuten
Frå toppen av Malmangernuten har du prima utsikt over Rosendal og Hardangerfjorden.


rose

Alternative ruteval

Utgangspunktet for turen er gjerne Rosendal sentrum, og den vanlegaste ruta å ta er langs ryggen mot sør som ein ser frå sentrum og til toppen. Ein har prima utsikt heile vegen, men den verkelege indrefileten får ein når ein når toppen. Då har du framifrå utsikt over rosendalsbygda, nabobygdene, Hardangerfjorden og til dei ulike fjella som ligger like ved. For ikkje å gløyme fossane og elvene som kjem ned frå dei ulike nabofjella og renn ned dalføra ved foten av fjellet

Utsikt frå Nuten
Utsikt mot Melderskin, Laurdalstind, Omnatind med fleire frå Malmangernuten

Returen går som regel ned att same veg som ein kom opp, men om du har tid og fysisk overskot så kan ein lage ein rundtur der du følgjer ryggen vidare mot sør-aust. Då kan du få ein runde der du kjem ned Murabotnen og går ut Hattebergsdalen eller “Muradalen” som den også vert kalla. Føl du denne ruta går du forbi Baroniet og ned att til sentrum av Rosendal. Det er litt strabasiøst å gå ned Murabotnen då stien er litt bratt og varierande, men om ein tek seg litt tid, så er det stort sett ingen problem. Eit anna alternativ er å gå til same stidelinga der du tek av mot Murabotnen. Her kan du også svinge av og ned mot Guddal.

Ringeriksfossen
Via den alternative returen så har du framifrå utsikt mot mellom anna Ringeriksfossen og Prestavatntet.

Er du usikker på om turen eignar seg for deg? Ta gjerne kontakt for meir informasjon!