Barnpåtur1
På tur med born

Vegen vert til medan vi går

Plan A vart til plan B og plan B vart etter kvart til plan Y. Sånn er det å vere på tur med små born. Ofte er det fint å la vegen verte til medan vi går.

rose

Onsdag er turdag for eldstejenta på fem år og underteikna. Det er eit høgdepunkt i ei elles travel veke. Dagane og vekene fyker av gårde. Åra også. Så kvifor ikkje stoppe opp? Stoppe opp for å nyte tida. Prøve å kome litt i balanse med den, og ikkje heile tida snuble og famle seg av gårde etter den. Synkronisere seg litt. Det er målet med onsdagane. Då prøver vi å stoppe opp litt. La klokka ligge att og ta den tida vi treng. La vegen verte til medan vi går. Eller sit.

Dagens turmål var på kjente stier. Det bar opp skogsvegen på Løfallstrand, over tregrensa, via hytta vår og innover eggen mot Nordlifjell. På førehand hadde vi ein slags plan, både A, B og C, men eg trur vi til slutt enda på plan Y.

Nysgjerrige auge

Eit borns auge fangar opp mykje. Det er genuint nysgjerrig og stiller mange spørsmål. Mange fleire enn eg kan svare på. I blant har eg svara, men vel så ofte må vi blande inn litt magi og trolldom.

“Kvifor ligg den store steinen akkurat der», spør Hennie meg.

Eg veit svaret, men av og til er det vel så kjekt å tileigne steinens mellombelse kvilestad at det har vore troll her. Troll som har vorte litt ueinige seg i mellom og har byrja å kasta steinar på kvarandre. Men jenta er ganske kvikk i tankane, og ho avslører meg raskt. Og då kan eg forklare at, jo, akkurat den steinen der har nok trilla ned frå ei skråning lengre oppe, men den steinen som ligg der borte, den har smelta ned frå isen og vorte liggande oppå tre mindre steinar.

«Er det ikkje kult?», spør eg oppglødd.

«Og veit du det, at for mange tusen år sidan så var det is her. Kjempemykje is som dekka heile fjorden og heile fjellsida som vi står i no», fortel eg. Framleis like engasjert.

«Eg synes is er godt», svarar ho, og vert med ein gong drøymande i blikket.

Maurtuer, bergartar og spor

På turen vår vandrer vi forbi mange spanande element. Fem meter kan fort ta tjue minutt. Her er det maurtuer, spor etter hjort og sauer og andre dyr. Det er blåbær og andre bær. Og det er kvartskrystallar. Og disse tinga er berre litt av det vi stopper opp for å sjå nærare på. Sekken vert etter ei stund litt ekstra tung som følgje av fine steinar, bær og anna skal med heim. Det som å vere på tur med Espen Askeladd. Som dotter som far, så eg kan vel ikkje klage.

Ein finner mange interessante ting å kikke nærare på
rose

Etter kvart som vi når høgare og høgare i terrenget, og tett skog vert til spreidd bjørkeskog og furuskog, så byrjar utsikta å verte betre. Hardangerfjorden glimtar under oss. Fjella tronar over oss, og mot aust ser vi etter kvart den isdekte «kappa» som utgjer Folgefonna.

«Det er ei utfordrande tid for isbreane», fortel eg til Hennie.

«Er ho ikkje frisk», spør ho meg.

«For at breen skal vekse så treng ho snø, som igjen vert laga om til is, og det har vore litt vanskelege år dei siste åra», forklarar eg vel vitande om at no kjem eg til å få eit spørsmål om å få is til mat.

Og eg får rett. Eg prøver å pense det over på blåbær i håp om å få tankane vekk frå isen. For blåbærtuene bere framleis godt med bær, noko som fører til mang ein kvil og blå hender og munn. I dragsuget av blåbær-konsumering ryk det også med både Blokkebær og Krekling. Alt har sin verdi.

Det er tida for vakre haustfargar i fjellet. Folgefonna kan så vidt skimtast i bakgrunnen.
rose

Planen vår var fyrst å gå til hytta, og så var det å gå litt til for å sjå om vi fant blåbær. Etter at det var gjort endra vi planen til å gå på krystalljakt, og no, når vi ser varden på Høgetinden, så har Hennie fått det som mål. Vi småklyv dei siste metrane mot toppen. Hunden vår, Fnugg, stoppar opp, og stikk snuten høgt til værs. Det er tydeleg at det er dyr i nærleiken. På reaksjonen å dømme så er det harepus. Hennie vert litt bekymra, og trekker seg nærmare.

«Er harepusen farleg?», spør ho med ein bekymra mine over andletet.

Eg forklarar så godt eg kan at den ikkje er farleg. Vi har dessutan Fnugg med, og han passar på oss.

Vi ser aldri harepusen. Ei heller ser vi rype. Det er nok ei litt dårleg år for rypene. I år også.

Vel oppe på toppen har vi panoramautsikt. Det er fjord, fjell og fonn. Men det som lokkar aller mest er kakaoen som eg har lova at vi skal lage. Eg fiskar fram brenneapparatet, tenner opp og den gode lyden «pfzzzzz» frå brenneapparatet akkompagnerer fuglekvitteret. Det er digg å vere ute!

Frå toppen, sirka 900 moh, har vi god utsikt. Hennie fekk ein ekstra halvanna meter ved å klatre opp på varden som bestefar har bygd.
rose

Koppane vert fylte, og Hennie tørkar siste rest av kakao i koppen ut med ein sjokoladebit. Jaja, er vi på tur så er det rom for litt meir søtt enn i kvardagen elles. Etter å ha ete nista og snakka om alt ifrå einhjørningar til geologi, så la vi i veg heimatt, og før vi rakk ned så hadde vi alt lagt planar for neste tur.

«Då må vi prøve den nye fiskestanga mi», var Hennie sin bestemte plan.

Eg var ikkje vanskeleg å overtale.

Kvinnherad har mange alternativ om du skal på tur med barn. Det er mindre fjelltoppar, skogsvegar og ulike setrar som du kan nå, avhengig av ynskje, alder og form. Det treng ikkje vere langt, og du må ofte endre planen undervegs. Det viktigaste er å vere ute, vere nysgjerrig og ha godt humør.

God tur!

Bestevener