Seinhausten er fin i fjellet
Seinhaust i fjellet

Vinteren er i anmarsj

Snøen har byrja å legge seg i fjellet. For mange er det litt seigare å kome seg ut, spesielt om ein har lange dagar på jobb. Men sjølv om dørstokkmila har vorte litt lengre for ein del folk, så er det vel verdt slitet når ein fyrst har kome seg ut.

Bålkos
rose

Hausten er i ferd med å gi slepp, lufta er kaldare, mørket har sigra over ljoset i form av «kortare» dagar og det er færre folk å sjå i fjellet. Vinteren er tilsynelatande klar for å overta «stafettpinnen». Fleirtalet finner den varme sofakroken meir forlokkande å sitje i enn å ha kald stein eller lyng under rumpa. For mange er det ventetid. Ventetid på vinteren, varierande skiføre og alt det som høyrer den kaldaste årstida til. Men trass i at vi er fleire som ventar og gler oss til skiføre, så er det særs mange turar ein kan ta i tida vi er inne, både korte som lange. Og ikkje minst etter mørkets frambrot.

Det at mørket fell på, dagane vert kortare og kortare, representerer til dels det som hender ute i verda for tida. Det er eit ganske dystert nyheitsbilete, men ein kan ikkje miste håpet om at det skal verte ei betre verd. På same måte som at sola ein dag «snur» og ljoset igjen sigrar over mørket, så vil det forhåpentlegvis verte betre for fleire enn oss som kan drive overskotsaktivitetar, som det å vandre av garde i fjellheimen til tider er.

Besteven på tur
rose

Det er nok av studiar som syner at mange opplever hausten som litt tung å navigere seg gjennom. Og det tunge vert kanskje forsterka av det som rører seg av krig og elendigheit ute i verda. I dette mørket som pregar både årstida og verda, så må ein prøve å dyrke fram små glimt av ljos. Og disse små glimta, eller augneblinkane, kan varme både innsida og utsida av eit menneskesinn.

Bålet

For mange kan kanskje bålet vere eit slikt ljos i mørket. Det er godt selskap i det. Det er med på å presse skuggane som pregar verda lengre vekk. Holde villdyra vekke, i den grad det framleis eksisterer ville dyr som kan finne interesse i å ta deg her til lands. Og det kan kanskje hjelpe eins eigne skuggar til å halde avstand. Og ikkje minst så gir det varme i den kalde haustlufta. Historisk så har bålet alltid hatt ei sentral rolle, anten det er for å lage mat eller for å roe ned, samtale og berre vere til stades. For det er nok ikkje tvil om at det har ein slags god effekt på stressnivået vårt.

Lukta av bål i kombinasjon med den kalde, duse og klare lufta som hausten gir, er ein tilnærma uslåeleg kombinasjon
rose

Det som er så fint med båltur, er at du treng ikkje gå langt. Du kan gjere det i hagen, i strandkanten, langs vegen, i skogen eller på fjellet. Uansett, så gir det stort sett ein utruleg fin ro, til og med for viltre ungar. For ein ting er dei meditative flammane og den svake lyden dei gjev. Ein anna ting er alt du kan lage på bålet. Kaffien er sjølvskriven. Aller helst kokt på ein gamal kaffikjele som er så inngrodd i sot at den ser mest forkulla ut. Det er jo ikkje så bra for helsa, men det gir assosiasjonar til ei svunnen tid. Ein evigvarande kaffikjele, på ein måte. Eg må vedgå at eg til og med har gitt den eit namn, og når eg er aleine, så titulere eg den ved det, og spør fint om den ikkje snart er ferdig med kaffien.

Blikkstille haustdagar
rose

Men ja, det er mange ting ein kan lage på bålet. Det er i grunn berre fantasien som set avgrensingar. Til dømes pinnebrød. Det er ein evig klassikar som spesielt ungane synes er godt. Eller pannekaker. Elles så finner ein jo marshmallows og den slags, men det er jo både fundamentalt usunt, men også så hin sides klissete.

Hygge for både vaksne og små

Eg må vedgå at eg likar meg best langt ifrå der folk flest ferdes, og den langstrakte kommunen vår, med alle sine dalføre, har nok av fjellvegar, anleggsvegar og gode stiar som kan ta deg til fine område. Enkelte er lett tilgjengelege, andre er meir uframkomelege, men det er litt av sjarmen. Det å finne «dine» plassar der du kan late som om du er i villmarka, fjernt frå folk og alt det som høyrer det jagande samfunnet til.

Familien på tur
rose

Om du har ungar med, så er det enklaste ofte det beste. Mangt eit bål har vorte laga i nærleiken av bilen. Då er det kort veg tilbake om katastrofen i form av feilslått plan melder seg. Det er ikkje alltid ungane er like innstilt som du sjølv, og det er viktig å innsjå når slaget er tapt. Sånn sett er Blådalen ein fin stad, kanskje spesielt på denne tida når sauene er komne i hus, bålforbodet er over og brorparten av dei Instagram-fotograferte turistane er fornøgde med årets mengde med «selfies», demningar og alt anna dei er gira på å forevige.

Det duse og behagelege haustljoset gir ro i sjela. Om berre resten av verda kunne fått den same roen.
rose

Tips

Og så eit par små tips, samt litt oppmoding om ferdsel og rutinar.

Har du tørr never som du har samla opp etter vedhogsten heime, eller du går forbi eit bjørketre med never, så er det lurt å ta med seg. Det gir ein god start på bålet. Berre pass på at om du riv av never på trea, så ikkje ta meir enn du treng, for du treng ikkje mykje. Det kan også vere lurt å ta med seg nokre opphøgde vedkubbar eller liknande. Spesielt om det er fuktig ute, og det kan vere vanskelegare å finne tørr ved. Dei medbrakte vedkubbane gir eit godt fundament. Er du heldig så kan du finne nokre tørre kvistar eller gamle falne tre. Ver varsam med å hogge ned tre på staden, og iallfall ikkje hogg ned slik at halve treet står att. Det er særs dårleg skikk. Sporlaus ferdsel er eit mantra som aldri kan repeterast nok.

Og ein ting til. Ta med deg bosset ditt. Det er ein del ting ein kan brenne på bålet, men ikkje prøv å brenn opp ein ølboks, folierte papirboksar eller liknande. Og det hjelper heller ikkje å stikke det inni mellom nokre steinar. Har du hatt det med deg, med innhaldet framleis intakt, så klarar du iallfall å bere det med deg heim att når det er tomt.

Og så gir det god meistring å klare å fyre bål under ulike forhold. Prøv deg fram, men hugs alltid på å sløkke godt før du skal gå. Er du usikker på om du har tømt på nok vatn? Ja, då tømmer du på litt til.

God tur!

Seinhaust i fjellet