20240913 095826

Haustens vakre fargespel

Sumarens dels døsige og behagelege tilhøve er no erstatta med ei tid der vi i større grad må tenka oss om, både når det gjeld turplanlegging og gjennomføring. Men trass i at hausten er lunefull og gir enorm variasjon i vêret, så er det moglegvis den tida som det er finast å gå på fottur i.

rose

Dei fyrste «melisdryssa» av nysnø har alt lagt seg på toppane, og blada på trea har for lengst byrje å finne sin veg mot bakken. Fargane er mektige, men samstundes behagelege, lufta er klarare og kaldare og ljoset er ofte meir intenst i form av vakre solnedgangar, klare stjernehimlar og ei variasjon i mørkt og ljost som kan prega ein uvêrsdag.

Etter kvart som hausten sig nærare og nærare vinter, så byrjar turmoglegheitene å krympe seg litt saman. Akkurat i sesongbyte mellom haust og vinter så er det ofte litt suboptimale forhold. Det kan vere tynt snødekke slik at skia fort kan ende sine dagar før vinteren verkeleg set inn, og om ein skal gå til fots så kan det verte strabasiøst å prøve å finne fotfeste i 20 cm laus snø over steinur. Lukkelegvis er det mange alternativ, og ofte treng ein ikkje gå så langt for å finne fred ute i naturen.

20240831 112541
rose

Kortreist glede

For ungane sine del så skal det ikkje alltid så mykje til. Ein kan legge opp til tur der ein går på «jakt» etter fine blad, steinar eller andre skattar som skjuler seg i naturen. Eit blad kan vere så mykje meir enn berre eit blad. Det har hatt sin reise frå eit lite skot på greina, til fullt utvaksen til det igjen gulnar og fell mot bakken. Og kva skjer med det etter det? For ikkje å gløyme ein stein. Ein stein er også så mykje meir enn berre ein stein. Er det ein rund stein så stiller ein spørsmålet; kvifor er denne steinen rund og dei andre ikkje? Svara ein får servert kan vere alt i frå at det er eit troll som har laga seg ein «steinball» for å kaste på eit anna troll til meir akademisk presise svar i form av at «det ligger i elva, og det er mange runde steinar der. Kanskje det er elva som har laga den rund?».

Og om du har ei ledig stund der du kan legge i veg sjølv, så er det ikkje alltid ein treng gå så langt for å finne roen. Eit lite kaffibål i skogholtet bakom huset kan vere nok til å få skuldrene til å senke seg til eit leveleg nivå.

20240831 114259
rose

Langstrakt kommune

Om det skal vere nært og enkelt å få til så er det ofte det enklaste å gje seg i kast med eit område i nærleiken av der du bur, for det er nok av turmoglegheiter anten du bur på Halsnøy, Utåker, Husnes, Uskedalen, Åkra, Rosendal eller Hatlestrand. Eller ein av dei andre fine bygdene som er å finne i kommunen. Men sjølv om det er fint og bra å nytte seg av nærområdet ditt, så er det iblant kjekt å køyre litt av stad, sjølv om risikoen med å ta med ungane på ein relativt sett lengre køyretur fort kan føre til grining, bilsjuke og altså ein ganske sur start på turen. Lukkelegvis så svingar det fort tilbake til smil så snart ein kjem seg ut av bilen.

20240929 110737
rose

For oss som bur på Løfallstrand, så nyttar vi ofte fjellet og skogen her, men Rosendal og då både runden rundt Hattebergsfossen og Baronihagen er eit fint alternativ som gir mykje og enkel gleda. I tillegg er det fint for ein hund, som er ekstra glad i å lukte på all slags raritetar (og ete det!), å gå der andre har gått.

20240929 104310
rose

Blådalen

Ein anna favoritt er Blådalen. Dessverre så er det mange andre som også nyttar det området. Det er jo eigentleg fint at folk nyttar og nyt naturen, men alt dopapiret som er etterlate er ikkje fullt så triveleg. På dei mest openbere stoppa, så kan det fort vere litt tilgrisa, så pass på nysgjerrige små ungar og hundar. Når ein har oppdrege dei til å plukke boss, så er det ikkje alltid så hyggeleg når dei har samla dopapir som dei vil ta med for å kaste. Men Blådalen er lang, og det skal ikkje så mange skritta til før ein har litt avstand til vegen, og då er alt reinare og finare.

20240922 114603
rose

Det er som nemnt ikkje så mykje som skal til. Ein kort fottur, litt ved, kakao eller kaffi og noko godt å bite i. Meir skal ikkje til for å lage ei fin stund ute. Den langstrakte Blådalen er i så måte ein stad det er lett å finne seg ei eiga lomme av fred, iallfall enn så lenge vegen er open. Det er uansett nok av fine og kortreiste turmoglegheiter der ein kan få fine naturopplevingar.

20240922 112755
rose

Nyt nærmiljøet ditt, og ha ein god tur!

rose

Tekst/foto: Rosendal Fjellsport