Påska er like om hjørna, og omsider byrjar vi å få eit litt varmare drag i lufta
Likevel kan april månad vere lunefull. Det har han alltid vore.
Like fort som det er sol, varmt og vi er balsamerte med solkrem frå topp til tå, så kan det snu og vi må på med ullklede og dun, samt finne fram våre breiaste pudderplankar. Det siste er jo ikkje å forakte. Sjølv om påske nærmar seg, og sola tek litt meir, så snur det fort i fjellet.
Vi kan framleis få gode mengder med snø. Det er viktig å hugse på. Det er viktig å tenke på når ein pakkar sekken, men også viktig med omsyn til skredfaren. Det er fort gjort å gløyme seg litt ut. Det meste vert litt enklare når det er varmare i lufta og vi kan kaste av oss dunjakka og kjenne eimen av utsveitta solkrem. Kanskje tek vi litt lettare på risikovurderingane når det vårast? Den kalde og skarpe vinterlufta kan moglegvis ha motsett effekt og gjere oss litt meir på vakt. Den kalde vinteren er gjerne litt mindre gjestmild enn den behagelege våren og følgjeleg senker vi guarden litt. Det er ekstremt viktig å ha i mente at i fjellet er det framleis vinter!
Mange alternativ for tur
Kvinnherad, og for øvrig områda rundt, har mange turalternativ å by på. Det gjeld både på fjellski og på alpine turski, snøbrett eller kva utstyr du vel å feste på beina.
For Rosendal sin del så er inngangsporten til fjellheimen anten Myrdal eller Muradalen. Sistnemnte er eit prima utgangspunkt for turar til Andersfjell, Bjørndalstindane, eller for så vidt Omnatind med fleire. Det er ofte færre folk via Andersfjell. Eventuelt, om du vil andre plassar enn Rosendal, så er Geitadalstind i Uskedalen eit særs fint fjell! Eit anna fjell er Gygrastol på Ænes. Felles for alle er at det er godt med snø. Kva fjell du vel å legge turen til er opp til deg, men ver nøye i planlegginga di. Ta innover deg terrenget du skal inn i, vurder skredfaren og gjer gode vurderingar, både opp og ned. Hugs på at det er rikeleg med god skikøyring i terreng som er slakare enn 30 grader bratt.