20240308 123056

Status i fjellet veke 16

Ei ny helg står for døra, og for dei av fjellfolket som ikkje har pakka vekk skia enda, så vil det framleis vere mykje fin skikøyring å finne i tida frametter.

rose

Våren er lunefull. Det er nær full sumar den eine dagen før det neste dag kan ligge snø langt nedover lia. Og om ein skal stole på vêrmeldinga, så kan det fort verte eit slikt scenario dei neste par dagane. Det har vore vekslande kor mykje nedbør som har vore meldt, og per onsdag så har det endra seg til det mindre. Det kan likevel by på litt fin styresnø, og det kan fort bli siste runde med tørrsnø, spesielt om ein ser på neste veke. Då skal sola for alvor fram, temperaturen skal enda meir opp og vi vil få skikkeleg vårlege forhold.

I fjellet så kryp snøgrensa stadig høgare opp, men samstundes som at det vert lengre å gå på beina mot til dømes Omnatind, så vil ulike anleggsvegar opne opp og gi moglegheit for ski på beina ved bilen. Og det er ikkje feil. Fjellsidene kjennes ofte brattare ut om ein har ski på sekken og ikkje på beina. Då er det fint å kunne ta dei på like ved bilen, smøre seg med solkrem og rusle i veg. Den dufta av solkrem er enormt god! Det gir assosiasjonar til både fjell- og strandliv, og det kjennes rimeleg mykje betre ut å smørje seg med solkrem enn med kuldekrem. Digg!

rose

Status i veke 16

Den siste veka så har det vore litt vekslande vêr. Det byrja med ein del nedbør og vind førre helg, før det har klarna litt opp. Sola har tatt godt, men det har likevel vore relativt kaldt i fjellet. Det har ført til at det frys på i løpet av natta og tinar på dagtid, og spesielt der sola får skikkeleg tak. Men den relativt kalde lufta har gjort til at det ikkje har tint skikkeleg opp, og stadvis har det difor vore rimeleg hardt. Men det har også vore formasjonar å finne der du har hatt mjukare vindtransportert snø. Og enkelte plassar har ein fått danning av kantkorn i overflata som har gitt fint skiføre.

1000011991
rose

Skiføret er jo vekslande, avhengig av når du er ute, og grensa for samanhengande skiføre er varierande. Om du til dømes vil gå til Omnatind og fjella rundt, så kan du framleis ta på deg ski litt over skoggrensa, på rundt 700 meter over havet. Du må kanskje sikk-sakke deg litt oppover, men etter kvart vil du får meir samanhengande skiføre. I starten av veka så klarte ein å stå på ski ned att til rett under skoggrensa, men det kan ha endra seg litt dei siste dagane. Utover det så er det framleis fint med snø frå Omnatind og ned mot Øvre Myrdal. Det gjeld både frå Omnatind og Hestabotnpynten. Gygrastol har også ein del snø, spesielt høgare oppe, men du må rekne med å bere skia på sekk eit stykke. Elles er vil det etter kvart vere mogleg med ski innover Blådalen. Merk at dei skal i gang med anleggsarbeid. Informasjon om brøyting og opning kan vere mogleg å finne på Sunnhordland kraftlag sine sider på Facebook.

1000011981
rose

Skredforhold

Det har vore ein periode med relativt stabile forhold, og skredfaren har i stor grad vore styrt av sola. Altså der sola har fått stått på utover dagen, så har det vore mogleg å løyse ut skred. Stort sett små, men etter nedbøren som fall sist helg, så gjekk det ut nokre større skred i regionen. Det var ikkje så aktuelt her i ytre del, men ein bør ha med i minnet at det kan vere ein del lokale forskjellar. Ein har også fått danna litt kantkorn og rim i overflata, samt litt kanting høgt i snødekke, under siste vindtransporterte snø. Dette vil ikkje utgjere noko fare med stor utbreiing, om det ikkje snør ned eller føykar ned. Per no, så er det ikkje meldt så mykje nedbør, men ein bør alltid sjekke forholda der ein er då det kan vere lokale variasjonar. Så sjølv om det er meldt stabile forhold, så tenk alltid igjennom og sjekk kva det er du bevegar deg på, både opp og ned.

Følg også med på varsom.no/hardanger for oppdaterte skredvarsel. Sjølv om skredfaren som regel går ned utover våren, så kan det vere mogleg å finne andre sine observasjonar på sida, og det kan gi informasjon om både skiføre og snøgrense. Og hugs på at det er fint om du også legg inn ein observasjon om du er ute på tur. Det er gull verdt, spesielt om du legg ved bilete av det du ser.

Vel tur etter evne, og ha ei god turhelg!

rose

Tekst/foto: Cato leganger/Rosendal Fjellsport