Denne sommaren har kommunen lagt til rette for at ein kan vigsle seg ved fleire unike kultur- og naturperler som Agatunet, Folgefonna og Trolltunga.
Dato: 15. mai
Dato: 29. mai
Dato: 21. august
Agatunet er unik og har ein historie som går tilbake til 1100-talet. Dette er eit friluftsmuseum og eit originalt klyngetun som inneheld 45 verna bygningar i eit tun, og den eldste av dei er Lagmannsstova frå år 1220. Bygget er det eldste rettslokalet og verdslege trehuset i landet, som er bevart på opprinneleg plass. Det er ein opplevelse og ein fantastisk bygning å koma inn i. Vi ser for oss at vigselen vert utført inne i Lagmannsstova, men den kan også vera ute i sjølve tunet om nokon vil det. Det vert ei flott stund uansett, og gode minne å ta med seg heim - for dette er ein stad du ikkje gløymer så lett igjen.
Agatunet ligg idyllisk til nord for Odda - på vestsida av Sørfjorden. Og i mai - blant blømande frukthagar! Bløminga i Hardanger er viden kjent og mange besøker vår kommune då, for å få med seg dette. Bløminga varer berre ein kort periode, så vi håper å få god klaff med dette tidspunktet for vigsel.
Parkeringsplassen ligg nær tunet, så her vil det ikkje verta langt å gå.
Vi håpar og trur at de vil få ein fantastisk dag i Agatunet. Vi er tilstades mellom kl. 13.00 - 18.00.
Det er ikkje lov å nyta medbrakt alkohol i Agatunet, men det går an å få kjøpt seg eit glas sider frå Hardanger!
Les meir om Agatunet her!
Agatunet er eit freda klyngetun på Aga i Ullensvang ved Sørfjorden. Den eldste bygningen i tunet er Lagmannsstova frå 1220. Ved Agatunet kan du vera med på guida omvising og sjå kunst- og kulturhistoriske utstillingar. ...
Opplev fleire hundre tusen frukttre i full blomstring i Hardanger om våren. Eit vakrare syn skal du leita lenge etter.
Aga Sideri ligg idyllisk ved Sørfjorden i Ullensvang. Her produserer dei Sider frå Hardanger som du kan smaka og kjøpa i samband med ei omvising og gardsbesøk på Aga.
Folgefonna er Norges tredje største isbre, og den ligg i 3 ulike kommunar - Etne, Ullensvang og Kvinnherad. Breen ligg også i Folgefonna Nasjonalpark. Her vil vi ta med dei para som har lyst til å gifta seg nær brekanten. Du kan køyre opp frå Jondal, så dette er ein fin anledning om du vil koma nær breen utan å gå langt. Vi anbefalar uansett alle å kle og sko seg for ein liten tur, då vi har lyst å finna den finaste plassen å stå på under vigselen.
Vi håpar på sol og varme, men skulle det vera dårleg ver, kan vi trekka inn i Velkomstsenteret til tidlegare Folgefonna sommarskisenter - med adresse Folgefonnvegen 1830. Om de vil skifta og ta på bryllupsklede, kan det gjerast innandørs på senteret.
Senteret ligg på ca 1200 moh, og høgste punktet på fonna her er ca. 1600 moh.
Vi trur det vil bli ein fin dag, og bilturen opp vil også gje deg ei fin oppleving, der du kan nyta utsikten av fjord og fjell. Vi gler oss til å møta dei som har lyst å væra med oss på Folgefonna denne dagen!
Alle må koma seg opp til enden av vegen på eigahand og ha med mat og drikke for dagen.
Vi kjem til å vera tilgjengelege mellom kl. 13.00 - 18.00.
Les meir om Folgefonna nasjonalpark her.
Utforsk Folgefonna nasjonalpark med varierte aktivitetar: Bli med på bretur på Juklavassbreen eller prøv breklatring mellom Botnabreen og Jordalsbreen. Nyt kajakkpadling på fjorden eller kombiner det med breopplevingar.
Bli med på uforgløymelege huskyeventyr med Folgefonna Husky Camp - lokalisert på Noregs tredje største isbre! Spennande hundekøyring, storslagne vandreturar med husky, kvalpekos og minneverdige overnattingsutflukter er n...
Ein unik padletur mellom isfjell og mektig natur inn til Folgefonna isbre. Bli med på brekajakk og opplev isbreen det krystallklare på tett hald.
Kommunen gjer klart til bryllupsfeiring på Trolltunga fredag 21. august også dette året.
Vi håpar på ein varm og fin dag, men det kan vi ikkje lova deg. Alle må difor også ta høgde for dårlegare vèr, og må kle og sko seg deretter. Det er ein relativt lang tur inn til Trolltunga og alle par må gå - både fram og tilbake. Du må berekna 4 timar ein veg - altså 8 timar å gå om du startar frå parkeringsplassen på P3 Mågelitopp. Alle må også ta med mat og drikke til eige bruk.
Vi vil vera tilstades frå kl. 11.00 - 16.00 denne dagen. Vi oppmodar folk om å starte turen tidleg nok, og bestille seg parkering oppe på P3 (Topp.) Det kan vera lurt å ha eit lite telt med seg!
Dei som skal gifte seg lurer ofte på om dei må ha med seg forlovarar eller vitne. Det er ikkje nødvendig - vi som er på arbeid for Ullensvang kommune der oppe kan vera vitne i seremonien.
Det vert ikkje laga noko form for rekkefølge for brudepara. Vi tek det etterkvart der oppe, og det fungerer heilt fint!
Antal par kan verta avgrensa.
Sjå meir informasjon om Trolltunga og vigsel her.
Vi må ha ein norsk prøvingsattest frå paret, som viser at det ikkje er hindringar for giftemålet. Norske par får vanlegvis prøvingsattesten sin raskt.
For dei som er frå andre land, tek det som regel lengre tid å få dette dokumentet frå Skatteetaten. Det tek ofte minst 5 - 6 veker fordi dei ikkje har norsk personnummer og dette kan difor ikkje gå digitalt av den grunn. Presiserer at sakshandsamar ikkje kan hjelpe til med å skaffe gyldig norsk prøvingsattest, alle par må ordne dette sjølv. Utanlandske statsborgarar må kanskje også verta godkjent for vigsel i eige land, før dei kan få ein norsk prøvingsattest frå Skatteetaten i Norge
Det som er viktig å merke seg, og som gjeld for alle par, er at dette dokumentet kun er gyldig i fire - 4 - månader frå den vert utstedt av Skatteetaten. Ein må difor tilpasse tidspunktet for søknaden sin til Skatteetaten, slik at datoen for vigselen er innanfor det tidsrommet som gjeld.
Gyldig prøvingsattest utstedt i Norge er eit absolutt krav.