Syse Glas

Lokalt blåst glas! Syse Glas har eit fargesprakande og spanande utval lokalt glasverk som høver seg til både kvardag og fest. I hyllene hennar finn du mellom anna mugger, glas, potteskjularar og pynt som lyser opp einkvart bord, hylle og vindauge. Utvid samlinga, eller plukk med deg ein unik suvenir som vil spreie glede i mange år framover.

rose
Kontaktinformasjon
Adresse
Telefon
Mail
Nettside

Om

Velkommen til Syse Glas; eit hyggjeleg glasblåseri i Ulvik sentrum med bygdablåsaren Silje Syse i spissen. I hyllene finn du fargesprakande, flotte glasverk til både kvardag og fest. Potteskjularar, mjølkeglas, mugger og pynt til dei ulike høgtidene er blant noko av det spanande utvalet glasblåseriet har å by på. Få med deg nokre glas frå den stilfulle Hardangerglas-serien, pryda med den tradisjonelle åttabladsrosa frå regionen. Er du heldig, kan du kanskje få med deg glasblåsaren "i action"! Det er òg høve å ta del av glasblåsinga og få laga sine eigne glasverk under rettleiing frå Silje Syse.

 

Sesong