Kulturhistorisk vandring på Brakanes

Torsdag 8. oktober inviterer Turistkontoret i Ulvik deg til å bli med på ein kulturhistorisk vandring i sentrum. Om du er tilreisande eller fastbuande vil dette vere ein interessant tur å få med seg. Vandringa bygger på dei kulturhistoriske stadane som alt ligg i "Kulturjakten", ein sjølvguida tur ein kan ta gjennom bygda ved hjelp av ein app på telefonen. Men denne gongen får du høyre mykje meir! Så om du har lyst til å bli betre kjend med Ulvik er du med dette invitert til å bli med. Arrangementet er gratis, men vi tek gjerne i mot påmelding på turistkontoret. Vi startar klokka 11.30 og er ferdige ca 14.00.

rose
Kontaktinformasjon
Adresse

Kart