Kvasshovden Opp 2026

Kvasshovden Opp 2026
Jul.
11

KVASSHOVDEN OPP 2026 - Laurdag 11. juli Norgescup motbakkeløp NB! Fellestart for alle konkurranseklassar er i år kl 11:00. Påmelding Fristen for online påmelding er kl 12.00 fredag 10. juli. Startkontingent Kr. 300 – i alle konkurranseklassane. NB. Auke i startkontingent etter 1.juni - kr. 400! Medlemar i Kondis – norsk organisasjon for kondisjonsidrett – får kr 40,- i rabatt ved påmelding Yngste konkurranseklasse i Kvasshovden opp er 14 år. Startkontingent Kr 150,- i mosjonsklassen utan tidtaking for alle som er 17 år og eldre. Påmelding med familierabatt (2 vaksne+ barn) kr 300 kan berre gjerast direkte i sekretariatet (ikkje elektronisk). Påmelding heilt fram til starttidspunkt: Det er mogleg å melda seg på i mosjonsklassen og i kon

Booking

Om

Starttider MOSJON: Kl. 08.00 – 11.00 er valfri starttid for mosjon utan tidtaking. Det er ikkje nedre aldersgrense for mosjonsklasse. Det vert opp til føresette å avgjera om barnet er i stand til å nå toppen. I mosjonsklassen kan ein òg melde seg på og starta frå Børsheim (230 moh - Byrsevegen 90). Kun betaling med Vipps på Børsheim. Det er gode høve for parkering der. Starter ein tidleg er ein på toppen i målområdet og får med seg innspurten i konkurranseklassane. Dei beste brukar godt under ein time til topps. KONKURRANSE: Kl 11.00 går fellesstarten for alle konkurranseklassar for Kvasshovden Opp frå Allmenningen på Brakanes Startnummer Startnummerutdelinga vil føregå i Brakanes kurs- og konferansesenter fredag kl. 16.00 – 19.00 og løpsdagen laurdag frå kl. 07.30 – 11.00 . Ryggsekk Alle deltakarane i konkurranseklassen må ha sekk med kle og mat for turen (både opp og ned!). Det er påbode med løpesekk eller vest som skal innehalda oppakning etter sjølvbergingsprinsippet. - Tynn jakke - Tynne hansker - Drikke til eget bruk - Ei banan eller to, el.l. - Tynn lue/pannebånd. (Sjølvbergingsprinsippet gjeld også Trimklasse, men er ikkje påbudt) Skadar kan oppstå, som overtrakk e.l. Følg med på varselet frå yr.no Merknad angående sekk: Det er ingen krav til vekt på sekken. Ei tynn overtrekksbukse kan også vurderast som eit stalltips frå oss i løpsutvalget. Er vi usikre på om nokon kanskje har for lite i sekken forbeholder me oss retten til å spørje om å få kikka oppi sekken. Drikkestasjon I Kvasshovden opp vil det vera 3 drikkestasjonar: Børsheim, Gunnarsete og ved målpassering. Børsheim ligg etter vel 3 km og 230 høgdemeter. Gunnarsete ligg i øvre del av skogbeltet og kjem etter 5.5 km og 600 høgdemeter. Etter målpassering vil det vere mogleg å få drikke, men me tilrår at du tek turen ned til Gunnarsete eller ber med vatn frå Gunnarsete og opp. Premiering - Alle som fullfører er vinnarar og får pin etter målpassering på Kvasshovden. Dei som går for 5.gong (delteke 5 gonger uansett klasse), får ein 5-års-pin i tillegg. 10. gong får T-skjorte. Kontakt sekretariatet. - Dei 20% beste i konkurranseklassane vert premierte. (3) Pengepremiar til dei 3 beste menn og kvinner 1. premie kr 3000, 2. premie kr 2000, 3. premie kr 1000. - Det vert trekt ut premiar mellom alle som fullfører uansett klasse. - Mellom deltakarar i mosjonsklassen utan tid vert det i tillegg trekt ut tre hovudpremiar. 1. premie frå Sport 1 Premiane på loddtrekning vert berre delt ut til dei som møter fram til premieutdelinga. Difor: Få også med deg premieutdelingsseremonien ! Dersom den som vert trekt ut ikkje er tilstades, vert ny vinnar trekt ut etter eit halvt minutt. Premieutdeling – sjå oppslag for tidspunkt. Premieutdeling vert avhalde på Brakanes kurs- og konferansesenter (Kongressen). Klassar Kvasshovden Opp K14-15 M14-15 K16-17 M16-17 K18-19 M18-19 K20-22 M20-22 K23-34 M23-34 K35-39 M35-39 K40-44 M40-44 K45-49 M45-49 K50-54 M50-54 K55-59 M55-59 K60-64 M60-64 K65-69 M65-69 K70-74 M70-74 K75-80 M75-80 K80+ M80+

Kart