Sidersleppkonsert me Foreningen for By og Bygd

Sidersleppkonsert me Foreningen for By og Bygd
Mai
24

Yppal,  klokka 21.00 Foreningen for By og Bygd speler småskeiv country på nynorsk. Dei synest teksten er halve poenget og songane handlar ofte om å bli dumpa, eller om å køyre bil rundt på vestlandet. Bandet har masse erfaring med begge deler har dei lånt frå den tidlegaste homo-organiseringa i Noreg, frå tida då alt måtte vera hemmeleg og diffust. I tillegg vinglar bandmedlemene stadig mellom by og bygd, slik alle gode folk gjer. Dette er foreininga du ikkje visste eksisterte, men no vil teikne livstidsmedlemskap i.  Dei siste åra har bandet turnert opp og ned langs vestlandskysten og i år kjem også bandet med sitt fyrste album!

Booking

Om

 

Då me spurte vokalist og kulturredaktør i Bergens Tidende, Jens Kihl, om å ta med venene sine til Ulvik denne siderslepphelga var han ikkje vond å be. Bandets kontrabassist Lars Korrf Lofthus er som de høyrer på namnet både oppvaksen og busett i Hardanger, og kvar er vel finare stad å vera enn i Hardanger i mai spør han. Resten av bandet stemmer i med det og gler seg til å laga sprudlande stemning under årets Sidersleppkonsert her inst i Hardangerfjorden.

Bandet er samansett av Jens Kihl (vokal), Helene Nilsen (vokal og gitar), Endre Aasebø (el-gitar og vokal), May Frida Bosch (trommer) og Lars Korff Lofthus (kontrabass og vokal). 

 Arrangør er Haugesenteret.

Kart